Dette skriv Naturvernforbundet, WWF, Den Norske Turistforening og Sogn og Fjordane Turlag i Sin fells høyringsuttale til den planlagde utbygging i Gjengedalen.
Sogn og Fjordane Energi (SFE) har søkt om konsesjon til å bygge Gjengedal kraftverk, og å bygge ny kraftlinje mellom Hyen og Storebru.
Dei fire organisasjonane gir NVE sitt klare råd:
Store naturverdiar
– På grunn av negative konsekvensar på store natur- og friluftsverdiar ber vi NVE om å tilrå Olje- og energidepartementet at det ikkje blir gitt konsesjon til utbygginga, heiter det i høyringsuttalen.
Dei meiner vassdrage er blant dei mest verneverdig i landet.
– Her finst store naturverdiar som trua naturtypar bekkekløft og fossesprøytsone, våtmarksområde med mykje våtmarksfugl, ei stor laksestamme og eit rikt friluftsliv. Den aktuelle kraftlinja og kraftverket vil forårsak store inngrep i nokre av dei mest verdifulle områda og innanfor landskapsvernområdet, heiter det i uttalen.
Dei karakteriserer Gjengedalsvassdraget som ei særs god villaks og sjøaureelv. Dei store fiskane gyt og veks opp i Gjengedalgjølet heilt inn til Gjengedalsfossen der utløpstunnelen frå kraftverket er planlagt.
Øydeleggjande for laksen
– Fisken vandrar opp i vassdraget i forbindelse med flaumar, og dei er nødvendige for at fisken skal gå opp til gyteplassane øvst i vassdraget. Regulering vil gje reduserte flaumar og vassføring. Det inneber at den generelle vasstanden blir vesentleg lægre enn normalt, og det vil få følge for villaksens og aurens gyte- og oppvekstområde.
Dei fire organisasjonane meiner utbygginga vil få øydeleggjande konsekvensar både for villaksen og auren i vassdraget.
Dei understrekar også at området er svært sårbart både med tanke på friluftsliv og landskap, og meiner det kviler eit nasjonalt forvaltningsansvar å ta vare på slike område.
– Det må tilleggjast stor vekt, og bør vere eit sjølvstendig avslagsgrunnlag, heiter det i uttalen.
Dei ser også med uro på den samla belastninga viss alle aktuelle utbyggingsprosjekt i vassdraget blir realisert.
– Blir alle sett i produksjon vil 90 prosent av vassressursane i vassdraget vere utbygt. Konsekvensutgreiinga har ikkje teke føre seg den samla belastninga på økosystemet, heiter det i uttalen.