Bilda til Kristine (16) blir misbrukt på nettstader som oppmodar til anoreksi

Kristine Ullebø er 16 år og bur i Førde. Ho er ein av dei største bloggarane i Norge og har mellom 15.000 og 20.000 lesarar dagleg.

Kristine Ullebø er 16 år og bur i Førde. Ho er ein av dei største bloggarane i Norge og har mellom 15.000 og 20.000 lesarar dagleg. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Kristine Ullebø er 16 år og bur i Førde. Ho står bak bloggen Krisssy og har mellom 15.000 og 20.000 lesarar dagleg.

Kvar dag kjem det fleire nye bilde på bloggen frå 16-åringen. Det handlar om mote, sminke og kvardagsliv. Nokre gonger blir desse bilda kopiert til andre nettstader. Og ute av kontekst får bilda ny meining. På nettet er det umogleg å ha kontroll på kven som «stel» bilde og kanskje endå viktigare – kor dei blir brukt.

Ingen oversikt

– Eg veit at bilda mine er brukt på andre nettstader rundt om kring, men eg har ikkje noko oversikt over kor dei hamnar, seier Kristine Ullebø.

Eit kjapt nettsøk av bildeadressa til profilbildet, som er berre eitt av hundrevis av bilde på bloggen, viser at det er nytta 382 gonger på andre nettstader. Mange av desse er andre bloggar og uskuldige ting, men nokre er ikkje det.

Fleire av bilda er brukt på såkalla "Pro ana" – nettstader og bloggar. «Pro ana» er eit uttrykk som blir brukt om dei som oppmodar og promotorar ein anorektisk livsstil.

– Folk sitt eige ansvar

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal synst om det, det er ikkje greitt at folk tek bilda mine, men det er ikkje så mykje ein kan gjere. Sjølv prøver eg å passe på å ikkje skape eit kroppspress på min eigen blogg. Men det er og folk sitt eige ansvar å søke opp dei bloggane dei vil lese. Eg vil stå fram som sunn og oppfordrar mine lesarar til å ete mykje, men sunt, fortel ho.

Brukt på pornosider

Det er også andre nettstader med pornografisk innhald der bilde frå bloggen er blitt brukt.

– Det likar eg ikkje. Det jo meg det er snakk om, men ... Eg legg ut bilda på nettet og står for det eg legg ut, seier ho.

Det snakkast om misbruk og at den stakkars ungdommen ikkje forstår konsekvensane av kva dei gjer. Dette er å undervurdere ein generasjon som har vakse opp med data, internett og rask deling av bilde, meiner Ullebø.

– Eg er fullt klar over faren, men skal eg ha ein blogg er dette noko som skjer. Dei fleste bloggarar er nok inneforstått med dette, og etter kvart – godt vande med at dette skjer, seier Ullebø.

Mange kommentarar

Bloggen til Ullebø er på 11. plass over dei mest leste bloggane på blogg.no og har om lag 11.000 norske lesarar i tillegg til mange utanlandske. Dette betyr mange tilbakemeldingar frå medbloggarar og andre som held seg anonyme.

– Det kjem mange kommentarar. Dei aller fleste er fine, men det kjem også nokre stygge. Til dømes at eg er for tynn og slike ting, folk likar å rakke ned på tynne jenter og det er lett å gjere dette på nettet, fortel bloggaren.

God betaling

I september hadde ho 8500 lesarar og tente om lag 5000 kroner i månaden frå blogg.no. I tillegg får ho fleire produkt frå forskjellige leverandørar i håp om at ho vil omtale dei på den populære bloggen. Både betaling og mengd produkt har auka på i takt med talet på lesarar.

– Eg vil halde fram til eg ikkje likar det lengre. At eg kan ha det som ein jobb akkurat no er også positivt, men den dagen eg kjenner det som eit ork då kjem eg til å slutte, fortel ho.

Far: Vanskeleg balanse

Far til Kristine Ullebø, Øystein Ullebø støtter dottera i blogginga, men med visse omsyn.

– Både eg og mora er stort sett positive til dette, men reagerer litt på bildebruken. Ho må vere på vakt og passe på kva ho legg ut. Det er lett å angre når ein blir eldre og ein veit ikkje kven som brukar bilda og i kva samanheng, seier Øystein Ullebø.

I motsetnad til foreldregenerasjonen i dag har dei unge vakse opp med internett. Det er ikkje uvanleg å dele livet og interessene sine med resten av verda. For foreldre kan vere vanskeleg å setje seg inn i ein digital kvardag som har forandra seg totalt dei siste 10 åra.

– Det er ein vanskeleg balansegang. Eg har ikkje Facebook ein gong. Eg og Kristine er stort sett einige om saker og ting, men sidan vi har vakse opp i forskjellige tider har vi litt delt syn på kva som kan delast på nettet.

Mor følger med

Mor til Kristine er fast lesar av bloggen og følger med på det som blir publisert.

– Eg følger ikkje så godt med, men bloggen er eit diskusjonstema heime. Det er ikkje alt vi skjønner oss på og det er ikkje alt ho skjønner seg på, men vi har oppmoda om å trå varsamt fram i bildebruken, seier han.

Artikkeltags