Bil i sjøen – kvinne henta ut av dykkarar

Ei kvinne vart berga ut av denne bilen som køyrde på sjøen i Ortnevik i Høyanger.

Ei kvinne vart berga ut av denne bilen som køyrde på sjøen i Ortnevik i Høyanger. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

– Ei kvinne skal vere teken ut av bilen. Ho får behandling på staden av mannskap frå luftambulansen. Ho skal ha vore aleine i bilen, opplyste operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt klokka 20.45.

Kvinna er frakta til Førde sentralsjukehus. AMK opplyste klokka 23.45 at kvinna er moderat skadd og får behandling på intensiv avdeling.

Klokka 19.58 fekk politiet melding om at ein personbil hadde hamna i fjorden og låg under vatn ved kaia i Ortnevik i Høyanger. Alle naudetatar rykte ut til staden.

Bil i sjøen

– Det er ein bil som har hamna i sjøen. Eit Seaking-helikopter er på veg til Førde for å plukke opp dykkarar for så å reise til ulykkesstaden, sa Olav Våge ved Hovudredningssentralen på Sola klokka 20.10

Sea-King fikk vêrtrøbbel

Våge kunne litt seinare opplyse at Seaking-helikopteret fekk problem med å lande i Førde grunna vêret.

Redningsdykkarane måtte derfor køyrast med ambulanse til Vadheim for å bli plukka opp av helikopteret der.

Luftambulanse var då allereie på plass på staden.

Artikkeltags