Big Ben? Spør Adam i Gulen

FØRST UTE: Ekteparet Linn Dyveke og Njål Hansen Wilberg satsar stort på ei ny mobilteneste, med base på Mjømna i Gulen. Arkivfoto

FØRST UTE: Ekteparet Linn Dyveke og Njål Hansen Wilberg satsar stort på ei ny mobilteneste, med base på Mjømna i Gulen. Arkivfoto Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Står du i London og lurer på historia til Big Ben, kan du sende ein sms til Gulen og få svar.

DEL

Forretningsidéen er utvikla på Mjømna i Gulen og vert massivt marknadsført i samarbeid med TV2 framover.

Vil skape arbeidsplassar

Sentrale i prosjektet er ekteparet Linn Dyveke Wilberg (28) og Njål Hansen Wilberg (32). Ho er journalist. Han er data- og IT-mann.

Familien har ein gut på to år, og dei er i gang med å byggje hus på Mjømna der Linn Dyveke voks opp. Njål kjem frå nabokommunen Lindås.

– Vi ønskjer å skape noko nytt her, og målet er å tilby fleire arbeidsplassar innanfor IT og teknologi. Gulen manglar den type jobbar, og det kan føre til at fleire småbarnsfamiliar etablerer seg her, seier Linn Dyveke om den idealistiske delen av prosjektet.

– Enkel, rask og nyttig

Det var Frank Svendsen i Tønsberg, kompis med Njål, som fekk idéen om ei sms-teneste etter mønster av nummeropplysingtenestene. Men der du spør 1880 om telefonnummer, gir 2326 AskAdam kunnskapsoppslag.

– Det starta med at Frank lurte på kor gammal Tønsberg kirke er, fortel Linn Dyveke Wilberg.

TV2 Invest vart med på laget, og selskapet skal i første omgang reklamere for den nye tenesta. Det er laga fire reklamefilmar som vert sendt på TV2 og TV2 Zebra, med start 28. desember.

– Tenesta er frigjerande enkel, rask og nytting, uttalar Axel Dahl, dagleg leiar i TV2 Invest.

Wilberg vil ikkje gå i detaljar om avtalen med TV2, men ho fortel at reklamebudsjettet er på 4–5 millionar neste år, og at dei reknar med å tene dette inn igjen.

Donasjonar til Wikipedia

Når kunden sender sitt spørsmål i form av eit stikkord på mobiltelefonen, kjem svaret som oppslag i nettleksikonet Wikipedia.

– Tenesta vår samsvarar med føremålet for Wikipedia. Vi ønskjer å gje dei donasjonar etter kvart som vi tener pengar, seier Wilberg.

Idéen er ikkje verna av patent og kan raskt bli kopiert. Difor er det avgjerande å utnytte forspranget og «feste» merkevara med ein gong.

– Får vi dette til, vil vi utvikle og skape nye tenester. Det kan gje arbeidsplassar på kundestøtte, rekneskap, marknadsføring og teknisk utvikling, seier Linn Dyveke Wilberg.

Artikkeltags