Betalte 10 øre for lite - då kom purringa

Kjartan Myklebust meiner det manglar skjøn i det offentlege rom, etter å ha fått eit krav på 59 kroner fordi han hadde 10 øre for lite i porto.

Kjartan Myklebust meiner det manglar skjøn i det offentlege rom, etter å ha fått eit krav på 59 kroner fordi han hadde 10 øre for lite i porto.

Artikkelen er over 6 år gammel
DEL

– Eit eksempel på korleis vårt byråkratiske velde fungerer no i dag.

Purring på 59,10 kroner

Det meiner Kjartan Myklebust etter å ha fått eit krav frå Posten Norge på 59 kroner og 10 øre for manglande porto på – nettopp 10 øre.

Som gamal «filatelist» likar han å dekorere utgåande brev med interessante frimerke, til dels frå forgangen tid. I dette tilfellet hadde han gløymt å klistre på det siste av fem stk. 10 øres frimerke, med det resultat at Posten Norge fann grunn til reprimande. Det mangla 0,10 kroner i porto.

Manglar skjøn

– I det offentlege rom manglar det skjøn. Byråkratiet tek styringa, seier Myklebust.

– Eg betalte 9,40 i porto, men det var 10 øre for lite. Dermed finn Posten Norge ut at dei skal setje i verk ein kostbar aksjon for å få refundert desse 10 øra. Dette kostar Posten Norge ein del i administrasjon og underteikna kr. 59,10 i tillegg for 9,40. Fordi det mangla 10 øre i porto! sukkar ein oppgitt brevsendar.

«I følge Postens generelle leveringsvilkår er avsender ansvarlig for at postsendinger er riktig frankert. Her er faktura på restporto og ekspedisjonskostnader, skriv Posten Norge til Myklebust og viser til pristabellar på www.bring.no.

Går automatisk

Informasjonssjef Jørn Michalsen i Posten Norge AS medgir at kravet ikkje burde vore sendt ut.

– Eg vil tru at brevet har vore gjennom ein automatisk kontroll, der det blir sjekka kva frimerke som er på. Uavhengig av om summen er liten eller stor, krav om innbetaling for manglande porto vert sendt ut automatisk, seier Michalsen.

Taper millionar i året

Han rår Myklebust til å ta kontakt med kundeservice, så vil dette bli ordna opp i.

– I det store biletet er manglande porto eit problem for posten. Det handlar om fleire titals millionar kroner i året. Det er klart at vi må gjere ein jobb her, og det er ikkje noko vi tenar pengar på. Men ein så liten sum som 10 øre burde vore sett gjennom fingrane med, seier Michalsen.

Artikkeltags