Betalar ut millionbeløp

Havyard Leirvik er eit av vertfa i Havyardgruppa.

Havyard Leirvik er eit av vertfa i Havyardgruppa. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Då Havyard Group ASA gjekk på børsen i sommar, var det med lovnadar om eit ekstraordinært millionutbytte.

No kjem pengane, skrive næringslivsnettstaden Nett No (krev innlogging)

Beløpet som vert betalt ut er på 60 millionar kronar, eller 2,68 kroner per aksje, og vart vedteke på ei ekstraordinær generalforsamling måndagkveld.

– Dette er det største ekstraordinære utbytte som har blitt betalt ut, seier kommunikasjonsdirektør i Havyard Group, Gunnar Larsen.

Store i fylket

Havyard har eit verft, dette ligg i Leirvik i Hyllestad. Verftet i Leirvik hadde førre rekneskapsår ei inntekt på 1,36 milliardar kroner.

Noko som resulterte i eit driftsresultat på 29 millionar før skatt. Den totalte inntekta til Havyard Group var i fjor på 1,98 milliardar.

Selskapet har hovudkontor i Fosnavåg på Sunnmøre, og var verdsett til 754 millionar då det vart børsnotert.

Lånte til utbyte

Hovudeigar av selskapet er framleis Havila Holding, som har eit underselskap som er medeigar i Fjord1.

Før selskapet vart børsnotert i sommar, lånte dei 100 millionar i obligasjonsmarknaden, ifølgje Nett No. Av dette blei delar av lånet brukt til å betale ut utbyte til eigarane.

Kursen på aksjane ligg no på 32 kroner, mot 33,50 då det blei børsnotert. Dette betyr at verdien av selskapet har falle med i underkant av 50 millionar.

Artikkeltags