– Vi er sjølvsagt veldig glade for utmerkinga, men aller mest for at vi har lykkast med filosofien vår, seier Arild Romarheim som driv Peppes Pizza i Førde.

Best av 90

Peppes har til saman 90 avdelingar i Norge. I 2007 har Førde utmerkt seg, og kjedeeigar Umoe Catering har kåra restauranten til beste i landet dette året.

– Vi har vore i Oslo og motteke utmerkinga, og hadde også eit innlegg om korleis å lykkast på små stader, seier Romarheim.

Godt arbeidsmiljø

– Vi har ein filosofi om at vi når langt med god norsk folkeskikk og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsmiljøet er grunnmuren. Har dei tilsette det godt på jobb vil ein vidareformidle dette til kundane, og det vil gje ein naturleg og god service, seier Romarheim.

Han legg til at utmerkinga kom litt overraskande.

– Vi var klar over at vi gjer det bra og at vi har god kontroll på mange ting. At vi vart kåra som best i 2007 var likevel ei veldig positiv overrasking, seier Romarheim.