Berga ut av innesperra buss
Buss med seks personar i sat fast mellom to ras.
Måndag kveld fekk politiet melding om at ein buss med seks personar i stod fast på fylkesveg 55 i Lånefjorden mellom Balestrand og Høyanger.
Det hadde gått ras på begge sider av bussen, slik at den ikkje kom seg vidare.
Forsøk på å få personane ut av området lukkast ikkje på grunn av forholda på staden, opplyser operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Ifølgje politiet står bussen parkert i eit området som vert vurdert som sikkert. Bussen var på veg til Dragsvik då den vart innesperra av ras.
Tysdag føremiddag vart det gjort nytt forsøk på å berge ut personane som sat innesperra av rasa, og klokka 10.21 vart sjåfør og passasjerar i bussen henta ut frå området av ambulansebåten Solund.
Dei seks personane vart køyrde til Høyanger, og ifølgje politiet var det ikkje melding om skade i samband med hendinga.