Ber Oslo ta ansvar for nynorsken

Atle Hamar er direktør i Lotteri- og Stiftingstilsynet og lokalpolitikar for Venstre. Han har tidlegare vore statssekretær i Justisdepartementet.

Atle Hamar er direktør i Lotteri- og Stiftingstilsynet og lokalpolitikar for Venstre. Han har tidlegare vore statssekretær i Justisdepartementet. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Atle Hamar stiller krav til hovudstaden i debattinnlegg om språk og sidemål.

DEL

- Nynorskbrukarane er ei gruppe som det er legitimt å diskriminere her i landet. Hovudstaden vår må gå i bresjen for begge våre jamstelte skriftspråk, skriv Atle Hamar i ein kronikk som er publisert i VG si papir- og nettutgåve måndag.

  • Diskuter saka!
    Bidra med dine synspunkt, kommentarar og argument i kommentarfeltet under saka.

- På talarstolen i Oslo bystyre stod nyleg ein representant og påstod at han ikkje er i stand til å lese nynorsk. Debatten handla om hovudstaden skulle vidareføre eit forsøk med valfritt sidemål i den vidaregåande skulen. For alt vi veit er dette ein politikar som ein dag kan bli vald inn på Stortinget, skriv Hamar.

- I så fall ville vi hatt ein stortingsrepresentant som ikkje var i stand til å lese dokument i ei rekkje viktige saker, held han fram.

Brukar nynorsk i tilsynet

Debatten har dei siste månadane rast i riksmedia etter at kunnskapsminister Kristin Halvorsen tok til orde for å gje sidemålet mindre plass i skulen til fordel for ei meir omfattande opplæring i hovudmål.

- Bør skuleelevar, det vil i praksis seie bokmålselevane, sleppe skriftleg opplæring i begge våre to jamstelte skriftspråk? spør Hamar, som i dag er direktør i Lotteri- og Stiftingstilsynet. Han har tidlegare vore statssekretær i Justisdepartementet og sit i dag i Jølster kommunestyre for Venstre.

- Som direktør i eit statleg tilsyn må eg dagleg forhalde meg til begge dei norske skriftspråka, forklarer han.

- Men det har alltid vore min politikk som direktør, at Lotteri- og stiftelsestilsynet språkleg sett skal avspegle at vi er lokalisert i nynorskens kjerneområde - i Førde. I sakshandsaminga må vi, som alle andre offentlege organ, svare på det språket som inngåande brev har. Det krev mållova.

Hamar meiner dette i seg sjølv er eit godt argument for at nordmenn må kunne begge skriftspråka. Det er ein demokratisk rett å få svar frå det offentlege på sitt eige hovudmål, skriv han.

- Legitimt å diskriminere

- Media her i landet er vanlegvis flinke til å slå ned på alle former for mobbing og diskriminering, men altså ikkje når det gjeld ein stor språkleg minoritet. Kvifor er det slik? Er det for å skjule sine eigne tvilsame bidrag til språkleg likestilling og mangfald? For i ganske mange av dei største redaksjonane i trykte medium får ikkje folk med nynorsk som hovudmål bruke språket sitt i spaltene.

- Mange som soknar til bokmålet gløymer at sidemål ikkje automatisk er nynorsk. For mange norske born er det bokmål som er sidemålet. Skal vi følgje logikken frå bokmålshald i debatten, så treng ikkje mine to søner skriftleg opplæring i bokmål. Det vil eg protestere på så sterkt eg kan, skriv Atle Hamar.

Ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet er sidemål einsbetydande med nynorsk for kring 90 % av norske skuleelevar.

  • Les heile kronikken frå Atle Hamar HER.

Artikkeltags