Ber om to veker varetekt for drapssikta bror

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

Politiet vil tysdag kreve to veker varetekt for den 29år gamle sogndølen som er sikta for å ha drepe bror sin i eit basketak søndag kveld. Politiadvokat Knut Broberg karakteriserer hendinga som ein familietragedie.

DEL

Det var den 32år gamle Bjarne Skollerud Henden, som søndag kveld døydde etter å ha vorte stukken med kniv i si eiga leiligheit nær Fosshaugane stadion.

-Bror til avdøde har erkjent at han og broren var i leilegheita. Det skal ha oppstått ein situasjon kor han skal ha følt seg truga av broren. Sikta greip så fatt i ein kniv som han, ved eit uhell, skal ha stukke broren med, opplyser politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Førebels sikting

-29-åringen vil bli kravd varetektsfengsla for to veker. Siktinga går på forsettleg drap, stadfester Broberg.

Sjølv om politiet tilsynelatande har saka under kontroll, vil ikkje Broberg definere saka som oppklara.

-Dette er ei førebels sikting, som kan bli endra, understrekar Broberg. Vi har ei brei etterforsking, og bruker tilgjengelege mannskap frå politiet i Indre Sogn.

Bistand frå Kripos

Ifølgje Broberg skal sikta sjølv ha meldt ifrå om knivstikkinga til AMK-sentralen. Ambulansepersonell skal ha prøvd gjenoppliving, men livet til 32-åringen stod ikkje til å redde.

-Den sikta var på åstaden då politiet kom. Det oppstod ingen dramatikk. Det er rett og slett snakk om ein familietragedie, seier Broberg.

Politiet i Sogndal har rutinemessig bedt Kripos om assistanse til dei tekniske undersøkingane på åstaden.

-Kripos kom til åstaden måndag, men er ikkje ferdig med sine undersøkingar. Det er gjort ein del vitneavhøyr av folk som har tilknyting til dei involverte i saka, fortel Broberg.

Var på pub

I forkant av drapet skal dei to brørne ha vore på Lægreidspuben i Sogndal, for å sjå tv-kampen mellom Brann og Sogndal. Der skal den drepne ha vorte kasta ut, fordi han var overstadig rusa. Broren vart verande på puben, men halvanna time seinare skal han ha gått heim til storebroren si leiligheit, der dei kom i krangel.

Artikkeltags