Beit av tommel på fest

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Rett før tre i natt, fekk politiet melding om at ein mann i 50-åra hadde fått ein del av tommelen beten av. Det var ein annan festdeltakar, som ikkje klarte å styre seg, under eit basketak på ein utestad i Nordfjordeid.

– Det hende i eit basketak. Den eine var over og den andre under og plutseleg var det eine leddet på tommelen til den eine mannen vekke, seier Espen Gulliksen ved politiets operasjonssentral.

Det er uvisst om mannen fekk med seg tommelen til sentralsjukehuset i Førde.

Mannen som forsynte seg av tommelen var i 40 åra. Han sit no i arrest og skal til avhøyr.

Saka blir meld og følgd opp av Eid lensmannskontor.

Artikkeltags