– Før har vi brukt å klippe oss i Førde, men no bur og jobbar vi begge på Vassenden, difor er det veldig bra at det har komme ein frisør hit. Også er det ekstra kjekt at det er ei lokal som startar opp, seier venninnene Jannicke Astrup og Nina Ytredal.
Melinda Tefre er kvinna bak Floke Jølster, som er ein «grøn» frisørsalong. Det betyr at produkta og behandlingane her er reinare, sunnare og meir miljøvennlege enn i tradisjonelle salongar.
Lange opningstider
Tefre har drøymt om å opne sin eigen frisørsalong heile livet.
– Og for nokre månadar sidan følte eg endeleg tida var inne. Dei siste dagane har eg vore alt frå nervøs til glad og spent, men det har gått over all forventning i dag. Mange har teke turen, og det var ein kø av besøkjande som venta då eg skulle opna, seier ho, som eigentleg kjem frå Voss men har budd på Vassenden i fem år.
Ein stor grunn til at ho har vald å opne nett på Jølstraholmen er fordi den mest sentrale plassen på Vassenden.
– Det kjem mange folk innom hit heile dagen, også er det nært der eg bur, seier Tefre.
Ho har gjort mykje for å skape blest om Floke Jølster.
– Eg har køyrd Jølstravatnet rundt og levert flygesedlar i alle postkassar, pluss at eg vore veldig aktiv på Facebook, seier ho og smiler.
Det første halvåret skal salongen ha uvanleg lange opningstider, pluss ope annakvar helg.
– Eg skal teste ut desse opningstidene for å prøve å møte behova til flest mogleg kundar. I tillegg har eg ein liten baby, og då passar det fint å vere heime på dagtid av og til, seier Tefre.
Tru på konseptet
I Jølster finst det frisørar også på Skei og Eikås, i tillegg er det ei som driv litt privat på Vassenden.
– Vi er glad for at Floke startar opp nett på Jølstraholmen, for då vert det meir eit sentrum her, seier Astrup.
Ho og Ytredal trur salongen kjem til å gå bra, og har stor tru på konseptet til Floke. Det har òg Siv Kristin Eikås Hovland (20).
– Konseptet er veldig flott, det er viktig at mest mogleg vert miljøvennleg. Fleire og fleire vert opptekne av det, difor trur eg salongen vil bli populær, seier ho og held fram:
– Eg trur folk her har meir lyst til å støtte lokale frisørar enn frisørar i Førde.
Nesten full bookingliste
Tefre si bookingliste har få opningar dei neste vekene.
– Den er så å seie heilt full. Folk ringde meg i fleire dagar på førehand for å booke, det er veldig artig! smiler ho.
Floke Jølster er ein del av den Hordaland-baserte franchisekjeda «Floke», og gründer Irene Stana var på opningsfesten for å fortelje om konseptet.
Floke Jølster har teke inn hudpleieserien til Førde-guten Vemund Eldegard (17), og han var òg til stades.
– Det er fantastisk kjekt at den første salongen har opna her i fylket, dette er den fjerde i kjeda. Det er altfor mykje allergiar og sjukefråvær blant frisørar. Eg har tru på at konseptet vårt er framtida i bransjen, seier Stana.