Gå til sidens hovedinnhold

Bedehuset tilgrisa av tagging

Artikkelen er over 18 år gammel

Natt til søndag har nokon brukt sprayboksar for å ytre meiningar på veggene til bedehuset. Mellom anna er eit hakekors teikna på husmuren. Tekstar som «Er det homofobi eller fili som er perverst», og «Sloss mot kapitalisme» er skrivne på bedehusmurane.

Det er også teikna ein figur som ser ut til å sleppe eit hakekors opp i ei bosskorg, og eit symbol - ein o med ein a inni - går att fleire stader. Dette symbolet står også først i eit ord som ein kan lese som «arg».

Det er Førde Normisjon som eig Førde Bedehus, og formann i misjonen, Kåre Vølstad, har meldt frå om tagginga til politiet.

– Hjelpelause
– Eg synest litt synd på folk som må ty til ein slik hjelpelaus måte å uttrykkje seg på, og at dei ikkje torer å stå fram med det dei meiner, seier Vølstad, som tenkjer å måle over tagginga så fort som råd.

Vølstad er noko usikker på bodskapen i tekstene på veggen, men han meiner det kan minne om haldningar a la Blitz i Oslo, som kjempar mot kapitalisme og høgrekrefter.

– Eg er klar over at det er somme som ser på bedehuset som styggedom, men vi har ikkje vore plaga verken av tagging eller anna tidlegare, fortel han.

Politibetjent Joachim Malterud sikra seg i går foto av tagginga på bedehuset. Politiet har ikkje særlege spor å gå etter i saka, men vil snakke med naboar i området, om dei har sett noko, og så etterforske saka vidare.

Ikkje akkurat kunstnarar
– Vi har tidlegare ikkje vore plaga med tagging i Førde, og av skrifta på veggen kan vi sjå at det ikkje er proffar som har gjort dette. Om dei som står bak har ei djupare meining med tekstene, veit vi heller ikkje, fortel Malterud, som ikkje oppfattar tagginga som trugande.

– Det verkar ikkje som Førde Normisjon treng å vere engstelege, men eg skjønar svært godt at dette er ubehageleg for dei, seier politibetjenten.

NB! Politiet i Førde vil svært gjerne ha tips frå folk som kan ha sett noko i området Førde Bedehus/Prestebøen, natt til søndag.