Austavinden herjar i fylket

Gav tapt: Dette buss-skuret ved Mo og Øyrane vidaregåande skule måtte måndag gje tapt for den sterke austavinden. Og det vert fleire kraftige vindkast i dagane som kjem, fortel Meteorologisk institutt.

Gav tapt: Dette buss-skuret ved Mo og Øyrane vidaregåande skule måtte måndag gje tapt for den sterke austavinden. Og det vert fleire kraftige vindkast i dagane som kjem, fortel Meteorologisk institutt. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Austavinden som har herja godt i Sogn og Fjordane det siste døgeret, og gjenstandar som ikkje har vore tilstrekkeleg festa har fått seg ein luftetur.

Mellom anna buss-skuret ved Mo og Øyrane vidaregåande skule vart i dag teke av vinden.
Ifølgje Vêrvarslinga på Vastlandet held vinden fram med nesten uforminska styrke, så det er all grunn til å sikre lause gjenstandar.

Sterk kuling

– I dag har det vore opp søraustleg sterk kuling, og vinden held seg på om lag sama styrke og retning tysdag òg, før vinden endrar retning til meir austleg og minkar til stiv kuling, seier statsmeteorolog Tone Christin Thaule til Firda.

Taule presiserer at det er store lokale skilnader. På til dømes Sognefjorden kan ein får jamn, sterk vind som resulterer i store bølgjer som kan vere problematiske for mindre båtar.

– Andre stadar kan kastevindane vere eit stort problem, og kastevindar kan vere lang sterkane enn den vinden vi melder, fortel Taule.

Mildt for årstida

Dagen i dag har vore uvanleg mild for årstida i heile Sogn og Fjordane, der Svelgen var varmast med 19,6 grader, berre slegen med 0,3 grader av Vigra ved Ålesund som hadde 19,9 grader i maksimumstemperatur.

Dei høge temperaturane skuldast milde luftmassar frå søraust, og i kombinasjon med føn-effekt og sol vert temperaturane veldig høge for oktober.

Skyar over på onsdag, etterkvart regn

– Det vert framleis mildt opphaldsvêr og frålandsvind tysdag og onsdag, men vi ventar at temperaturen går ned 4 - 5 grader, fortel Taule.

Thaule melder at vinden minkar noko på onsdag og torsdag, og at det truleg kjem inn skyer i løpet av onsdagen.

– Det blir ny vindauke fredag, og både fredag og laurdag ventar vi regn. Sundag er det venta vind frå nord, noko som gjev mindre nedbør og lægre temperaturar, avsluttar Thaule.

Artikkeltags