Aure på 9,5 kilo i rusa

STORFISK: Sigbjørn Steinsund fekk denne storauren på 9,5 kilo i ruse i Jølstravatnet. Han sette den ut igjen i Jølstra.Foto: Tore Gamborg

STORFISK: Sigbjørn Steinsund fekk denne storauren på 9,5 kilo i ruse i Jølstravatnet. Han sette den ut igjen i Jølstra.Foto: Tore Gamborg

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Måndag gjekk ein aure på 9,5 kilo inn i rusa til Sigbjørn Steinsund på Vassenden.

DEL

-Det er heilt fantastisk morosamt å kjenne at det rykkjer i rusa når vi tek den opp, då veit vi at det er storfisk der, seier Steinsund.



Av dei største

Måndag morgon var han og Tore Gamborg ute for å sjekke rusa. Det var ein del fisk i den, og den største var ein kjempeflott aure på 9,5 kilo, ein av dei største som er tekne i Jølstravatnet.

Eitt av vilkåra for å få setje ut ruse i Jølstravatnet, er at all fisk over ein halv kilo blir sett ut i Jølstra. Hittil i år har han sett ut igjen ni, fire av dei er større fisk.

Meir blest

- Eg synest det er ein god ide. Bakgrunnen er at ein på denne måten skal betre kvaliteten på aurestammen i elva. Dessutan blir det meir blest om elva når det blir kjent at det går skikkeleg storfisk der, seier Steinsund i papirutgåva til Firda.

Det er ikkje kjent kor stor den største auren som er teken i Jølstravatnet er, men rekorden på stong har Sverre Amundsen då han tok ein storaure på 12,1 kgpå sluk våren 1996.

Fiske med ruse og flytegarn blir avslutta 15. september.

Artikkeltags