Aure frå Jølster til topps

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Villaure frå Jølster, kjekjøt frå Kandalen og kvit geitost frå Underdal er den beste maten frå fylket.

DEL

To råvarer og eit ferdig produkt skal representere Sogn og Fjordane i landsfinalen for "Det norske måltid" i Stavanger i slutten av oktober.

14 kom til finalen

14 kom med til fylkesfinalen som vart avvikla i Førde laurdag, fordelt på råvarer frå vatn, råvarer frå land og ferdige produkt. Ein jury på seks, med Steinar Lindstrøm frå Kokkenes Mesterlaug og heile Norges matmor, Ingrid Espelid Hovig, i spissen, plukka ut dei tre vinnarane i konkurransen "Jakten på smaken av Norge". Føremålet er å synleggjere norske råvarer, auke kvaliteten og inspirere til nyskaping innanfor norsk matproduksjon.

Spesialsydd designpakke

Kvar av vinnarane fekk ein sjekk på 2500 kroner frå sponsoren DnB Nor. Finn Årdal og Jølsterlia som står bak jølstraauren, får også ein ekstrapremie. Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane har plukka ut den av dei tre som dei meiner har størst potensiale for vidare utvikling og marknadsføring. Årdal får såleis ein spesialsydd designpakke, som innber rådgjeving, oppfølging og pengar.

Stolt av villfanga jølstraaure

- Vi er stolte av auren frå Jølstravatnet, og vi set veldig pris på at andre verdset han på denne måten, seier Finn Årdal til firda.no.

Han fortel at Jølsterlia har gjort ein del for å presentere villfanga aure frå Sunnfjord, men han reknar med at det er meir å gå på for å marknadsføre eit eksklusivt produkt.

Artikkeltags