Åtvarar mot austeuropeiske «vekslarar»

Lensmann Jan Egil Tvinde åtvarar mot ein gjeng austeuropearar som vekslar pengar i butikkar, og skapar forvirring slik at dei får med seg meir enn dei kom med.

Lensmann Jan Egil Tvinde åtvarar mot ein gjeng austeuropearar som vekslar pengar i butikkar, og skapar forvirring slik at dei får med seg meir enn dei kom med. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

– Vi vil åtvare mot ein gjeng austeuropearar som vi trur er på veg mot Sunnfjord, seier lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

Han kallar dei for «vekslarar».

På veg sørover

Eusteuropearane har vore på Sunnmøre og i Nordfjord, og er no på veg sørover.

– Dei går inn i butikkar, på bensinstasjonar og andre stader og skal betale eller veksle. Dei lagar så mykje forvirring, oppstyr og ståk, at dei ofte kjem ut frå staden med meir pengar enn dei hadde då dei kom, seier Tvinde.

Og det er akkurat det dei er trente på, å forvirre og dermed få ut pengar frå ulike butikkar, bensinstasjonar og andre stader der ein kan kjøpe eller veksle.

Lettare å unngå om ein veit om dei

No vil politiet åtvare. Det er lettare å unngå å bli lurt dersom ein er klar over kva dei driv med på førehand.

– Dei som jobbar i aktuelle verksemder bør vere obs på dette om dei dukkar opp til dømes her i Førde, seier Tvinde.

Artikkeltags