ARTICLETITLE

Dronninga av gjenbruk: Husflidshandtverkar Marit Andersen har faste leverandørar av traktorgummi. Foto: Solveig Avelsgaard Lien

Dronninga av gjenbruk: Husflidshandtverkar Marit Andersen har faste leverandørar av traktorgummi. Foto: Solveig Avelsgaard Lien Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Kunst: I verkstaden til Marit Andersen får slitne traktorslangar og holete gummistøvlar leve vidare som designvesker og svarte englar.

DEL

– Eg likar tanken på at eit gammalt traktordekk kan få vere engel resten av livet sitt, seier Andersen.

– Eg har ikkje store utgifter til material, nei, smiler ho tilfreds.

Storparten av det materialet ho brukar i arbeid sitt, er ting som dei fleste andre ville ha kasta rett i søpla. Gamle kinoplakatar blir til julekorger, og brukte ølboksar blir detaljar som gir englane og veskene det særpreget Andersen ønsker at dei skal ha.

– Eg synest det er spennande å stadig finne nye bruksområde for dei ulike materiala, og eg likar å tøye grensene for kva eit material kan brukast til.

Også etter at ho har fått materialet inn i verkstaden er ho oppteken av å kaste så lite så mogleg av restane som blir att når ei veske er ferdigsydd.

– Nei, eg likar ikkje å kaste ting. Det er jo heilt vanvitig kva som blir kasta, og det er så fullt av ting overalt. Så det er eigentleg galskap å kjøpe nye material.

"Eg likar tanken på at eit gammalt traktordekk kan få vere engel resten av livet sitt.

Marit Andersen

husflidshandtverkar

Andersen syr englar av det som blir att etter veskene og små svarte sauar av det som blir att etter englane. Dei aller minste og tynnaste restane blir tiligjen til bitte små øyrepynt- englar.

Tradisjon

Marit Andersen er utdanna husflidshandtverkar og er leiar i Sogn og Fjordane husflidslag.

Sjølv om traktordekk-vesker og gummi-englar kan synast fjernt frå den tradisjonelle husflidskunsten, så finst det ein klar link, ifølge Andersen.

– Husflid handlar jo også veldig mykje om å ta vare på ting og om å lage solide ting som kan brukast lenge.

Sjølv om Marit Andersen er veldig oppteken av gummi, så brukar ho også meir tradisjonelle material i arbeidet sitt.

No i førjulstida reiser ho mykje rundt på ulike handtverksmesser, og kvart år inviterer ho til lysstøyping i verkstaden sin. Ho arbeider også for å spreie interessa for husflid til ungdom i fylket.

– Eg må jo å halde på med masse forskjellig samtidig, det er jo det som er gøy, seier den travelt opptekne handverkaren.

Og evna til å ha mange prosjekt på gang samtidig er nok viktig for at ho skal få tid til alt det ho synest er kjekt å gjere. Ho jobbar fulltid som formingslærar på Naustdal barne- og ungdomsskule, så det er i helgene og på kveldstid ho kan sitte i verkstaden over garasjen og sy.

– Eg blir ikkje rik av veskene mine, men eg hadde heller ikkje klart å vere berre handverkar. Eg elskar jobben min som lærar og blir veldig inspirert av ungane når eg er på jobb, seier ho.

Artikkeltags