Apneseth blir lansert i internasjonal bok

Oddleif Apneseth sine bilete blir å sjå i ei bok som blir lansert internasjonalt

Oddleif Apneseth sine bilete blir å sjå i ei bok som blir lansert internasjonalt Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

- Han er ein av Norges fremste fotografar

DEL

Bileta til fotograf Oddleiv Apneseth blir å sjå i ei bok som skal lanserast internasjonalt.

Teaterbilete

Bileta som er utplukka, er frå dokumentasjonsserien hans om ”Sogn og Fjordane Teater i året 2011.

Les også:

Boka står av dokumentasjonsfotografi frå ti fotografar i eit prosjekt saman med ”Fritt Ord”. Det er Norwegian Journal of Photography som har plukka ut Apneseth sine bilete til boka som blir gitt ut hausten 2012 og som blir lansert internasjonalt.

- Ein av Norges fremste fotografar

Dette er juryen si grunngjeving for at Apneseth er plukka ut:

"Fotografen er ein av Norges fremste fotografar, med eit helt eige blikk for bl.a. å portrettere menneske i deira miljø. Han har gjennomgåande sterke bilete, både når det gjeld innhald, komposisjon og journalistikk. Apneseth vel prosjekt i sine nærområde, noko som gir fotografen spesielle utfordringar, men også føremon i sin tilnærming til historia. Erfaringa, bildespråket og emna han har til å gjennomføre større prosjekt er avgjerande og vil vere eit viktig bidrag til alle i gruppa."

Artikkeltags