Kommunestyret i Naustdal ankar NVE sin konsesjon for kraftlinja mellom Fardal og Ørskog.

Gjennom sentrum

Politikarane håpar at olje-og energidepartementet stoppar planane om å leggje gigantlinja gjennom sentrum i bygda.

– Det handlar om å vere attraktiv. Ingen har lyst til å bu i nærleiken av ei kraftlinje, seier ordførar Håkon Myrvang.

Anken gjeld den delen av linja som går gjennom Naustdal kommune.

Vil ha sjøkabel

Kommunen vil at linja skal leggjast i sjøkabel. Dersom ikkje dette vert ein realitet, vil kommunen at linja vert lagt til ein trasé lenger inne i Naustedalen.

Vil krevje erstatning

Kommunestyret har også gjort vedtak om å krevje erstatning dersom linja kryssar kommunen, same om det lir gjennom sentrum eller utanfor.

– Kraftlinja blir til skade uansett kvar den er. Generelt så vil den gje store økonomiske konsekvensar, og vi synst det er rimelege at dei det får utover får erstatning, seier Myrvang.

Tek ikkje eit nei

– Det er vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta før anka er ferdig handsama, men om den skulle bli avslått så gir eg ikkje opp sånn heilt utan vidare. Eg forventar at dei tek oss alvorleg, og vil kjempe for dette, seier Myrvang.