Anette vart ikkje Miss Brun og blid

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Vinnaren i årets konkurranse er Camilla Teksum (23) frå Nannestad.

DEL

Laurdag var det finale i årets Miss Brun og blid-konkurranse, men det vart ingen førsteplass på Anette Nordeide Grytten frå Kvammen, trass i at ho var blant dei fire i toppen.

Likevel synst ho det har vore ei kjekk oppleving.

– Eg har lært mykje og fått mange nye venninner og bekjente, seier Nordeide Grytten.

Publikumsfavoritt

Før vinnaren vart kåra hadde ho fått høyre av fleire at ho var publikumsfavoritt. Blant anna hadde ein PR-ansvarleg i Brun og blid sendt ho ei tekstmelding der det stod at om ho ikkje vann så skjønte han ingenting.

– Denne konkurransen var eg med på mest for moro skuld. For meg er det studiane som er viktigast, seier Nordeide Grytten, som kan glede seg over gode eksamensresultat.

Ville ha ei brunette

I etterkant av finalen vart det kjend for Nordeide Grytten at Brun og blid heile tida ville at ei brunette skulle vinne i år. Dette fordi Brun og blid aldri har blitt fronta av ei brunette tidlegare.

Likevel meiner Noreide Grytten at Camilla Teksum var ein verdig vinnar.

– Ho er ei veldig søt og hyggeleg jente som fortente å vinne, seier ho.

Artikkeltags