Gå til sidens hovedinnhold

Ampert på sjukehusmøte

Artikkelen er over 11 år gammel

Helseministeren greide ikkje å roe indresogningane på folkemøtet i Årdal.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) lova årdøler og lærdøler at lokalsjukehuset deira skal bestå, og at det skal ha medisinsk akuttberedskap Ei melding som vart motteken med applaus. Men då ho signaliserte at fødetilbodet kan kome til å forsvinne, reagerte ein fullsett sal med kraftig buing.

Omfordele funksjonar

Samstundes med lovnaden om sjukehusnedlegging, varsla statsråden dessutan at ein må sjå på funksjonsfordelinga mellom sjukehusa i fylket, og vurdere kva som skal vere i høvesvis Førde, Lærdal og på Nordfjordeid.

Fleire som tok ordet under møtet i Øvre Årdal, gav i svært klare ordelag uttrykk for at dei ikkje opplevde at det var samsvar mellom det statsråden sa, og Helse Førdes innretting mot lokalmedisinsk senter – ein prosess der styreleiar Clara Øberg seier ho har statsrådens støtte.

Kven har rett?

Ministeren vart mellom anna hardt utfordra på om det er ho som har rett, eller styreleiaren.

– Det betyr ikkje at det grunnleggjande i sjukehusa skal bort, sa Strøm-Erichsen.

Frå leiaren i Årdal Ap, Hilmar Høl, var partibodskapen klar:

– Nedlegging av akuttberedskap og fødeteneste og omlegging til lokalmedisinsk senter er det same som å leggje ned lokalsjukehuset, sa Høl til helseministeren.