Ambjørg Sælthun er død

Artikkelen er over 6 år gammel

Fylkets første stortingskvinne gjekk bort 2. januar.

DEL

Mangeårig stortingspolitikar Ambjørg Sælthun døydde 2. januar etter å ha slite med sviktande helse dei siste åra.

Sælthun kom opprinneleg frå Ål i Hallingdal, og vart etter kvart gardskone på Seltun i Lærdal. Der engasjerte ho seg også i bondekvinnelaget, og starta sin politiske karriere som medlem av skulestyret i bygda i 1959.

Ho vart seinare vararepresentant til Stortinget for Senterpartiet i Sogn og Fjordane i perioden 1969 til 1973. Frå 1972 til 1973 møtte ho fast medan John Austrheim var samferdsleminister.

I 1973 vart ho sjølv innvald til Stortinget, og var fast møtande representant for Sp fram til 1985. I perioden 1981-1985 var ho varapresident på Stortinget.

Dei siste to åra har imidlertid helsa til stortingsveteranen skranta, og like før jul fekk ho hjerneslag. 2. januar sovna ho inn på Lærdal sjukehus.

Ambjørg Sælthun ville fylt 90 år seinare i 2012. Ho var mor til mellom andre NRK-programvert Ragnhild Sælthun Fjørtoft og Lærdal-rådmann Lasse Sælthun.

Artikkeltags