Alvorleg skadd etter klatreulykke

Artikkelen er over 4 år gammel

Mann datt 20 meter under klatretur.

DEL

Ein 29 år gammal mann er alvorleg skadd etter at han fall om lag 20 meter etter ei klatreulykke i Lærdal. Ulykka skjedde ved Jutlamannen ved Ljøsne. Tilstanden til mannen er alvorleg, men stabil og ligg på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus. Det melder AMK laurdag morgon.

Sea King på staden

Klatraren datt ned på ei fjellhylle under klatretur med to kameratar.

Politiet fekk melding om at mannen var skadd, men at han var bevisst. Politi, ambulanse og Sea King- helikopter rykka ut etter at meldinga kom like før 17.00 fredag ettermiddag.

Eit Sea King- helikopter var på plass rundt 19.00, fortel Nils–Ole Sunde, vakthavande redningsleiar hos Hovudredningssentralen.

Dei sende då ned lege og redningsmann og stabiliserte pasienten før han blei heist opp i helikopteret.

Etter godt og vel ein times tid, klokka 20.20, fekk Hovudredningssentralen beskjed om at helikopteret er på veg mot Haukeland.

Laurdag melder AMK at på grunn av dårleg flyvêr blei mannen sendt til Førde i staden for Haukeland universitetssjukehus.

Sendt til Førde

– Dei meldingane vi har fått om skadeomfanget til mannen, er at tilstanden hans er stabil, seier operasjonsleiar Kjetil Drange hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han fortel vidare at operasjonen enno ikkje er avslutta, då to andre klatrarar framleis er i fjellet, i mørket.

– Vi har mannskap frå Røde Kors på veg opp for å hjelpe dei ned. Vi reknar med at dei vil gå dei i møte om kring ein halvtime, seier Drange, kring klokka 20.40. Dei to kom seg vel ned frå fjellet fredag kveld, melder politiet.

Artikkeltags