Alle parti stemde for Grotle

SAMRØYSTES: Olve Grotle (t.h) vart samrøystes vald til Førdes nye ordførar torsdag føremiddag. Det er såleis ikkje nokon hemmelighet kva som står på lappen Høgre sin representant nr. 2 Christina Kvamme her legg i stemmeskåla. Til venstre representantane Bjørn Nordberg og Tore Fossen, begge Høgre.

SAMRØYSTES: Olve Grotle (t.h) vart samrøystes vald til Førdes nye ordførar torsdag føremiddag. Det er såleis ikkje nokon hemmelighet kva som står på lappen Høgre sin representant nr. 2 Christina Kvamme her legg i stemmeskåla. Til venstre representantane Bjørn Nordberg og Tore Fossen, begge Høgre. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Under det nye bystyret sitt første møte torsdag tok Olve Grotle (H) formelt over ordførarjobben etter Nils Gjerland.

DEL

Førde sine 27 nye folkevalde etter Kommune- og fylkestingsvalet 12. september, var torsdag føremiddag samla til sitt første formelle bystyremøte.

Der tok Høgres Olve Grotle formelt over toppvervet i kommunen etter populære Nils Gjerland (Sp).

Det nye bystyret er samansett av i alt 27 representantar. Høgre er største parti med sine åtte representantar.

Arbeidarpartiet har sju, Sosialistisk Venstreparti tre og Senterpartiet tre. Venstre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet har to representantar kvar.

Under konstitueringa torsdag vart Olve Grotle som venta valt til ordførar, støtta av ein samarbeidskoallisjon beståande av Høgre, Venstre, KrF og Sp. Jan Taule frå Venstre vert ny varaordførar.

Som ein kuriøsitet kan nemnast at òg SV, FrP, Ap sine i alt 12 representantar røysta for Høgre-mannen som ordførar under møtet. Han vart såleis samrøystes vald.

Både Nils Gjerland (Sp) og Eva Marie Halvorsen (H), som har utgjort leiarduoen i kommunen dei siste fire åra trer begge no ut av kommunepolitikken. Gjerland held likevel fram på fylkestinget, kor han er vald inn for fire nye år.

Artikkeltags