Gå til sidens hovedinnhold

Alle ortopeditilvisingar til Førde

Artikkelen er over 9 år gammel

Ortopedidrifta ved Nordfjord sjukehus handlar no om å avvikle ventelister, før det er slutt.

Dette opplyser Helse Førde i ei pressemelding. Alle nye ortopeditilvisingar i Nordfjord blir frå byrjinga av denne månaden sende til Førde.

Framskunda nedlegging

Styret i Helse Førde avgjorde på siste styremøte at den ortopediske aktiviteten ved Nordfjord sjukehus skal avviklast så raskt som råd, og tidlegare enn adm. dir. Jon Bolstad hadde lagt opp til. Framskundinga vart grunngjeven med m.a. stadige forsøk på omkampar om ortopediavgjerda frå Nordfjord-miljøet si side.

Regjeringsvedtak

Ortopedinedlegginga inngår i den sjukehusomlegginga regjeringa vedtok i april, etter ein omfattande prosess og vond sjukehusstrid i Sogn og Fjordane.

Røntgentenester som del av utgreiingar styrt av pasienten sin fastlege, og i samband med øyeblikkeleg hjelp, skal framleis vere tilgjengeleg ved Nordfjord sjukehus. Behandling av alvorlege akuttilfelle vil som tidlegare skje ved Førde sentralsjukehus eller ved Haukeland.

Kompetansemiljøet ved Førde sentralsjukehus og Lærdal sjukehus vil bli styrkt med tanke på både å overta pasientvolumet og m.a. skulderkirurgien som til no har gått føre seg ved Nordfjord sjukehus, skriv Helse Førde.

Uroleg

Protestane mot ortopediomlegginga har vore sterke i Nordfjord. Nyleg åtvara overlege Henrik Berg ved Nordfjord sjukehus igjen om konsekvensane av nedlegginga, og sa at Nordfjord kjem i ein heilt ny situasjon når det gjeld akuttilbod.

– Det blir ei sterkt redusert spesialistbemanning ved sjukehuset. Dagens gode forhold kjem til å bli kraftig forverra, sjølvsagt med auka risiko for liv og helse til dei som blir akutt svært sjuke eller skadde i Nordfjord, sa Berg til avisa Fjordenes Tidende.

Ambulansekapasiteten

Ifølgje avisa spår overlegen at nedbygginga vil føre til at ambulansane må auke beredskapen og bli i stand til å ta imot eit større volum pasientar enn tidlegare.

– Eg er redd transportkapasiteten kjem til å bli totalt sprengd, sa Henrik Berg til Fjordenes Tidende.