Alfred opplevde offshorelivet

Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Til dagleg er han kosebamsen til 1. - 3. klasse ved Bulandet skule. Nyleg fekk Alfred ei heilt spesiell oppleving: Han var på jobb på Åsgård A-plattforma i Nordsjøen.

DEL

Alfred er ein sindig bamse, som etter mange år som maskot for dei minste elevane på skulen, har prøvd det meste. Livet i Nordsjøen har likevel gjort djupt inntrykk på han.

To vekers arbeid

Med spesialsydd overlevingsdrakt og Kurt Rutledal som støttekontakt, har han vore to veker på produksjonsskipet Åsgard A. Her har han gjort sitt beste for å hjelpe Kurt med å halde orden på alle datamaskinane om bord.

I tillegg har Alfred vore rundt og besøkt dei andre arbeidsstasjonane på installasjonen. Alle stader har han fått nyttig informasjon om kva dei ulike yrkesgruppene jobbar med i ein av Norges viktigaste næringar.

Daglege rapportar heim

Daglege biletreportasjar på heimesida til Værlandet og Bulandet har gjort at borna heime på skulen, kjærasten Mary og andre interesserte har kunne følgt med på korleis kvardagen er ute i Nordsjøen.

Prosjektet har vore så populært, at tal treff på heimesida har auka med 150 i døgnet.

Artikkeltags