Ålfotbreen og Naustdal – Gjengedal verna

Artikkelen er over 9 år gammel

Regjeringa har ved Kongen i statsråd fredag vedteke vern av Ålfotbreen i Bremanger. Samtidig er Naustdal – Gjengedal landskapsvernområde eit faktum.

DEL

Dei fire kommunane som er omfatta av landskapsvernområdet, Gloppen, Jølster Førde og Naustdal, får 10 millionar kroner på deling i statleg kompensasjon for vernet. Pengane blir plassert i eit felles næringsfond.

Fire kommunar får 10 mill.

– Eg er skuffa over at beløpet ikkje er større, men eg er glad for at prinsippet om kompensasjon for vern no er innført, seier Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (Sp) til firda.no.

Dei fire kommunane kravde opphavleg 30 millionar i kompensasjon for landskapsvernområdet som strekkjer seg over 394 kvadratkilometer.

Men ingenting til Bremanger...

Bremanger kommune, som får det meste av vernet av Ålfotbreen over 226 kvadratkilometer, får derimot ikkje ei krone i kompensasjon. Det gjer heller ikkje Flora. (Ålfotbreen strekkjer seg over tre kommunar: Bremanger, Flora, Gloppen)

Vernet av breen har møtt massiv motstand, der til og med Fylkesmannen gjekk imot vern.

– Eg må seie at eg er skuffa over at Ålfotbreen likevel blir verna, seier Ryssdal.

Vernet vil ikkje vere til hinder for mindre småkrafverk på inntil 100 Gwh, men set ein klar stoppar for eventuelle store, framtidige kraftutbyggingar.

Miljøvernministeren nøgd

Samla legg dei to vernevedtaka 620 kvadratkilometer av Sogn og Fjordane under freding. Alle dei 394 kvadratkilometrane i landskapsvernområdet Naustdal - Gjengedal er i dag i privat eige.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV) er lette over at vernet no er på plass.

- Eg er glad for at et av de største sammenhengende fjellområdene på Vestlandet uten tyngre tekniske inngrep no er vernet, seier statsråden.

Artikkeltags