Aksjon for bortkomen frøken

- Eg prøvde alle mine kosologiske erfaringar med å trøste kosebamsefrøkna, men ho var tilnærma utrøsteleg, og skikkelig slapp og motlaus, fortel Alfred Bamse (t.h.).

- Eg prøvde alle mine kosologiske erfaringar med å trøste kosebamsefrøkna, men ho var tilnærma utrøsteleg, og skikkelig slapp og motlaus, fortel Alfred Bamse (t.h.). Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Søndag 10.august 2014 blei det oppdaga ei einsam kosebamsefrøken på Værlandet Gjestehamn. Ho var bortgløymd , forvirra og tydelig deprimert.

DEL

Gry Leite jobbar på Værlandet Gjestehamn og var den som oppdaga den forlorne frøkna søndags morgon. Då var bamsefrøkna våt og medfaren etter ei stormfull natt på kaia.

– Ho var så pjuskete, stakkar, at eg måtte ta ho med inn så ho fekk tørke seg. Ho var svært nedslått og eg kontakta Alfred Bamse i håp om at han kunne hjelpe. Han snakkar jo same språk som ho, seier Leite.

Profesjonell kosolog

Alfred Bamse er til vanleg tilsett som yrkesrettleiar og kosolog ved Bulandet skule. Utanom Gry Leite er han den som har teke seg mest av den attgløymde frøkna.

– Som kosebamse og profesjonell kosolog tok eg sjølvsagt ansvar og rykte ut då Gry tok kontakt med meg. Ho fortalde at det sat ei einsam og deprimert kosebamsefrøken og gret sine modige tårer inne på Værlandet Gjestehamn. Ho var så lei seg at ho ikkje hugsa namnet sitt eller kvar ho kjem ifrå, stakkar. Eg håper nokon kan hjelpe til å finne ut kven som eig kosebamsefrøkna, for eigaren er sikkert like lei seg og deprimert, skriv Alfred Bamse på Facebook.

Framleis noko pjusk

Då Firda tok kontakt var verken kosebamsefrøkna eller Alfred Bamse tilgjengelege for kommentarar. Alfred Bamse hadde då teke med seg bamsefrøkna ut i kano for setje garn.

Gry Leite kunne likevel fortelje at han har teke seg godt av bamsefrøkna og spandert vaflar på henne på butikken.

– Den mystiske bamsefrøkna trivast godt saman med Alfred Bamse, og det står betre til enn det gjorde. Likevel har ho ikkje fått hugsen tilbake, så ho kan diverre ikkje fortelje oss noko om kvar ho høyrer heime, seier Leite.

Facebook-aksjon

Som ein ekte kvardagshelt for skipsbrotne frøkner har Alfred Bamse engasjert seg i saka for å spore opp eigarane til kosebamsefrøkna.

Han har sett i gang ein Facebook-aksjon i håp om å føre den einsame kosebamsefrøkna saman att med sin no kosebamselause, og truleg like vonbrotne, eigar.

– Alfred Bamse har over 3000 vener på Facebook, så vårt håp er at nokon av desse eller dei som les om dette i Firda kan hjelpe frøkna heim, seier Leite.

Til no er aksjonen delt vidare av 21 personar.

– Vi har fått mykje respons, men førebels ikkje frå eigaren til bamsen, som truleg er eigaren ein turist med ein trist og lei bamselaus unge, fortel Leite.

Sjølv om bamsefrøkna har funne tonen med Alfred Bamse er håpet at ho kan komme heim att til eigarane sine.

– Det ville vere det beste for ho, seier Leite.

Artikkeltags