Gå til sidens hovedinnhold

– Aksepterer ikkje rasering av sjukehuset

Artikkelen er over 11 år gammel

Nordfjordrådet vil stoppe strategiprosessen og krev møte med statsråden

–Nordfjordrådet kan ikkje akseptere ei rasering av Nordfjord sjukehus, og at Helse Førde neglisjerer politiske styringsdokument når det gjeld sjukehusstrukturar og modellar, skriv Nordfjordrådet i ei pressemelding.

Vil stoppe strategiprosessen

Dei vil stoppe strategiprosessen i Helse Førde og viser til at den har klare brot på regjeringa sine lovnader og intensjonar om likeverdige spesialisthelsetenester.

Fredag skal saka opp i styremøte i Helse Førde.

– Sogn og Fjordane har ein langt meir spreidd busetnad enn mange andre fylket, og nettopp difor er det naudsynt med ein sterkare desentralisert modell for spesialisthelsetenesta i fylket. Regjeringa har gått til val på sentraliserte sjukehustenester, skriv Nordfjordrådet.

Krev møte med statsråden

– Nordfjord treng eit lokalsjukehus, og Nordfjordrådet krev at Nordfjord sjukehus vert oppretthalde med dei funksjonane som sjukehuset har i dag, skriv dei i pressemeldinga.

No krev dei møte med statsråden så snart så mogleg.

Nordfjordrådet står av kommunane Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid Gloppen, Stryn og Hornindal.