Norvald Aasen frå Kvammen i Askvoll avviser at han har fått ein halv million kroner frå komiteen som han sjølv er medlem av.
Komiteen har blitt skulda for å gi pengar til kriminelle rasistar.
– Eg har aldri fått ein halv million kroner inn på min konto, seier Aasen til firda.no.
Arvelista
Ifølgje tv2.no skal Aasen saman med Erik Gjems-Onstad ha fått ein halv million kroner kvar frå den såkalla arvelista.
Denne lista inneheld ei rekkje namn over folk som Gjems-Onstad meiner er mest skikka til å «arbeide mot framandinnvandring» i Norge i dag. På denne lista står Norvald Aasen, ifølgje tv2.no.
- Berre til oppbevaring
Men Aasen avviser at han har fått inn pengar på kontoen sin. I staden for var tanken i fjor sommar at han skulle vere ein av dei som oppbevarte pengane.
– Etter at komiteen hadde møte i august i fjor, kom vi fram til at det ikkje var nok verdige gåvemottakarar. Vi bestemte oss for å spare pengane for å dele dei ut seinare. I det høve blei det tenkte at eg og Gjems-Onstad skulle få fordele restsummen når det kom verdige gåvemottakarar, seier Aasen.
Denne pengepotten var planlagt å setjast inn på ein eigen konto og skulle førast rekneskap over, fortel Kvammen-mannen.
- Til verdige mottakarar
– Pengane var aldri til meg personleg. Eg kan jo ikkje vere med i ein komité som gir pengar til meg sjølv. Dette var pengar som skulle gå til verdige pengemottakarar.
– Er ikkje du verdig mottakar då?
– Eg skal jo ikkje fordele til meg sjølv, seier 64-åringen.
– Kan andre fordele det til deg?
– Det er ikkje vår oppgåve. Eg får nok dekka litt av reiseutgiftene mine til møter i Oslo.
Men no har den såkalla arvelista endra seg, fortel Aasen.
– Den gamle lista har endra seg og det har dukka opp fleire mottakarar. Pengane kjem difor aldri inn på min konto.