92-åring let seg ikkje lure

Det var i dette buområdet på Sande at fleire eldre fekk besøk av ein falsk bøsseberar. Då Gro Bruland kom med den ekte bøssa, hadde mange allereie gitt. Joar Aarnes er innsamlingsleiar i Gaular.

Det var i dette buområdet på Sande at fleire eldre fekk besøk av ein falsk bøsseberar. Då Gro Bruland kom med den ekte bøssa, hadde mange allereie gitt. Joar Aarnes er innsamlingsleiar i Gaular. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Ein falsk bøsseberar prøvde seg på 92 år gamle Gudny Skudal.

DEL

Politiet har fått melding om det som truleg har vore falske bøsseberarar på Sande i Gaular og Vassenden i Jølster, i Sogn og Fjordane.

- Til arabiske barn

Klokka var litt før eitt då det ringde på døra til Gudny Skudal. Ho bur i ein av dei kommunale eldrebustadene like bak sjukeheimen på Sande. 92-åringen fortel kva som skjedde:

– Utanfor døra stod ein mann i 20-åra. Han hadde ei stor og kvit innsamlingsbøsse i handa, med snurra streng på. Utanpå stod det «Innsamling til arabiske barn», skrive med slik skuleskrift. Han hadde grå anorakk, mørk bukse og snakka norsk med utanlandsk aksent, fortel Skudal.

– Eg berre såg på han, utan å seie noko. Då såg han skeptisk på meg. Eg rista på hovudet, let att døra og gjekk inn igjen, fortel den spreke 92-åringen.

Mange gav pengar

Skudal var aldri i tvil. Sidan mannen verken hadde skilt med identifikasjon eller Blå Kors sitt merke på bøssa, rekna ho med at det var ein kjeltring. Ho har dessutan vore ute for blomsterseljarar som har prøvd seg på eldre i området før.

Då den rette bøsseberaren, Gro Bruland, kom ein god time seinare, var det mange av bebuarane i Skagekleiva som fortalde at dei allereie hadde gitt pengar. Det er 17 bustader i buområdet, men ein del av bebuarane var ikkje heime. Bruland reknar med at kring 10 fekk besøk, og fleirtalet hadde gitt pengar til mannen som kom først.

Overraska innsamlingsleiar

Innsamlingsleiar Joar Aarnes i Gaular kommune seier at han er litt overraska over at falske bøsseberarar slår til i eit såpass «gjennomsiktig» samfunn som Sande. Samstundes ser han at bygda ligg sentralt plassert i høve til E39 og kommunikasjonar vidare. Det er lett å komme seg unna.

– Det er tydeleg at dei har plukka ut dette området med ein spesiell type bustader og mange eldre, seier Aarnes.

Artikkeltags