80-åring bygde båt

Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

- Du kan då ikkje setje deg ned i ein stol, fordi om du er pensjonist, seier Erling Gjelsvik.

DEL

Så startar åttiåringen motoren i sin nye sjølvbygde turbåt, og legg ut frå småbåthamna i Førde.

- Denne bygginga har vore ei glede heile vegen. Eg har ikkje telt timane, men dei har vore enormt mange. Dei to siste åra har eg ikkje gjort særleg mykje heime. Men eg har ikkje teke niste med meg, når eg har arbeidd med båten. Kvar dag har eg køyrt heim og ete, seier Erling.

Oppkalla etter kona

-Om kona har gått lei all båtbygginga? Nei, ho har godteke dette prosjektet fullt ut. Ho likar seg på sjøen, ho også. No håpar vi å få bruke båten mykje, når sesongen tek til neste år. Då skal den tidleg på sjøen, seier Erling Gjelsvik.

- Namnet han har gitt den nye båten, kan lesast som ein romantisk gest til kona Herlaug. «Alvdis» er mellomnamnet hennar.

Familieprosjekt

Eigentleg finst det vel berre eitt fornuftig råd å gi folk som har tenkt å bygge draumebåten, når dei sjølv har nådd ein alder av 78 år: Gløym det. La vere. Finn på noko anna. Men så finst det eitt og anna sjeldant tilfelle, der mennesket som har sett seg slikt i skallen er tusenkunstnar med nevane, og samstundes uvanleg tolmodig, uthaldande og sprek for alderen pluss at han har ein bror som er skipskonstruktør og ein son som er avansert tømrar, og trebåtentusiast han også. Då kan det faktisk bli båt av det. I dette tilfellet eit smykke av ein båt.

31-fotaren som no er komen på sjøen, er teikna av broren Anton, som ei moderne utgåve av Fredhøikryssarane eldre båtentusiastar vil hugse frå 1950- og -60 talet.

Erling har stått for hovudarbeidet med skroget, der seks centimeter breie bordgangar av furu er limt saman og skrudd kant i kant utanpå meir enn 30 laminerte spant. Sonen Erlend har konstruert overbygget. Det vart endå finare og meir føreseggjort enn Erling hadde sett føre seg.

-Tanken var først å lage overbygget i kryssfiner. Eg meinte vi heller burde lage det i heiltre av alm. Det gir ein heilt annan utsjånad, og med langt finare mønster i treet, fortel Erlend.

Kortreist båt

Her kan ein også snakke om kortreist båt. Almematerialen kjem frå Hegrenes ved Gjelsvika, der eine sonen til Erling bur. Delane til overbygget vart skore til i bitar, limt saman i seksjonar, og deretter montert på plass.

Det vanskelegaste var kanskje å få til utforminga av overbygget, slik at det harmonerte med resten av båten. Vi fekk mykje meir arbeid enn rekna med. Men resultatet vart eit heilt anna, seier Erlend.

Faren tykte den mest interessante fasen var då spanta var komne opp, og han såg skroget ta form etter kvart som bordgangane vart lagde.

Det å bygge, og få det til, er det viktigaste for han. Han bygger heile tida, seier Erlend om faren og båteigaren.

Plastbåt har aldri vore noko alternativ.

- Nei, det er ikkje kjekt å bygge i plast, seier Erling.

"No eller aldri"

Heilt utan røynsle i båtbygging var Erling Gjelsvik ikkje, då han tok til med prosjektet sitt. For 30 år sidan bygde han ein 21 fots trebåt som framleis er i bruk ved Gjelsvika. Men etter kvart ønskte han seg ein større turbåt med betre plass. I fjor vart lokala der han i si tid hadde drive røyrleggarforretning på Halbrendsøyra ståande ledige. Dermed tenkte Erling Gjelsvik «no eller aldri», og gjekk i gang med prosjektet sitt.

Turbåt har det blitt. Akter har båten eit etter måten romsleg dekk. Styrehuset er romsleg og med plass til fleire benkar, og i framparten er det køyer, kokeplass og eit eige rom med toalett og vask. Iveco-motoren på 320 hestar sparkar godt frå, og gir den 34 tonn tunge, halvplanande trebåten ei toppfart på godt over 20 knop.

Justeringar må til

Men justeringar har det blitt etter den første sjøsettinga tidlegare i haust, og fleire må til.

- Vi laga aksling, hylse og ror sjølve. Då vi prøvde båten første gongen, viste det seg at roret måtte endrast litt på, fortel Erlend.

Vi merka også at båten «sette seg» ein del i sjøen. Dermed monterte vi på ei lita list, då vi tok båten på land. Denne fekk akterenden til å løfte seg meir, og hadde utruleg god effekt. No er planen å lage eit justerbart system, som eit slags trimplan, seier Erlend.

Dei store turane på sjøen med nybåten skal vente til neste år. No skal «Alvdis» snart på land igjen, og i vinter skal far og son gjere ferdig ein del trearbeid som står att.

Moderne tradisjonsbåt

Vi gjekk tomme for almematerial, og måte lage nokre mellombelse løysingar. Mellom anna skal motorkassa no lydisolerast skikkeleg og kleast inn med alm. Benkane ute og inne skal skiftast ut med benkar i alm, og vi må kle inn kjøkkenbenken og lage nokre skapdører, seier dei.

Planen er dessutan å få på plass dieselvarmar og ein kartplottar. Vel er «Alvdis» ein tradisjonsbåt, men moderne navigasjonsutstyr må til. Kanskje set dei også inn glas i nedre del av fronten på overbygget.

Det vart ei litt for kompakt flate. Det spørst om ikkje vi bør ha glas også der, seier Erlend.

Primært til turkøyring

Men når den neste vårsola får sjøen til å glitre, skal båten i bruk, til talrike familieturar ute ved kysten.

Fisking? Tja, kanskje å dra litt kokefisk. Det vil nok mest handle om turkøyring, til Bulandet og elles rundt om til ulike stader. Ein av brørne mine, som bur ved Bergen, har også hus i Eivindvik. Dit må vi på besøk, seier båtbyggaren og båteigaren.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken