76 år gamle Bjørn flaug to timar i paraglider

Bjørn Høyvik fekk søndag endeleg gjennomført turen han har drøymt om.

Bjørn Høyvik fekk søndag endeleg gjennomført turen han har drøymt om. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

– No har eg fått opplevd min 20 år gamle draum om å fly frå Hafstadfjellet til barndomsheimen min i Stardalen.

DEL

Det var søndag Bjørn Høyvik tok flygeturen som kjem til å sitje i minnet hans for alltid, men måndag føremiddag har han enno ikkje landa. Ikkje mentalt.

– Under flygeturen var eg i den sjuande himmel, og der er eg framleis. Eg var utruleg lykkeleg då eg la meg i går kveld, og det er eg framleis, fortel han oppglødd til Firda.

Draumen om å paraglide frå Hafstadfjellet til barndomsheimen byrja å spire i Høyvik med ein gong han byrja med paragliding i ein alder av 56. Men då våga han ikkje å tru på den.

– Eg tenkte det var for langt og for farleg. Men ettersom eg kom meir inn i sporten og fekk meir og meir kontroll over paraglideren, forstod eg at det var mogleg, seier han.

– Det nærmaste mennesket kjem å fly

I går var forholda for flygeturen upåklagelege.

– Vêret var heilt perfekt, og Jølstravatnet låg under meg, speglande klart. No har eg oppfylt min største draum, fortel Høyvik begeistra.

Ein tur som den han hadde i går, trur han er det nærmaste mennesket kan komme det å fly.

– Eg følte meg verkeleg fri som fuglen. Det er umogleg å trekkje ut eitt høgdepunkt frå turen, heile var berre fantastisk flott.

Om det å ha paraglida 53,7 kilometer i over to timar, i ein alder av 76, seier Høyvik:

– Eg er nok ein gammal mann, men eg tykkjer ikkje ein er eldre enn ein føler seg.

– Og eg føler meg ganske bra, legg han humrande til.

Kom heilt inst i heimdalen

Etter å ha floge ut frå toppen av Hafstadfjellet, segla Høyvik vidare mot Viefjellet, Eikåsnipa og inn mot Tindefjellet. Deretter gjekk reiseruta vidare via Svidalen, Ålhus og Bjørsetfjellet.

– Dette var ein spesielt fin topp å fyke frå, kommenterer Høyvik om dette fjellet.

Deretter flaug Høyvik inn over Årdal, Helgheim, Skei og Klakegg.

– Eg har fått sett alle dalane langs Jølstra, det er heilt fantastisk.

Etter dette byrja endeleg Høyvik si heimbygd å openberre seg.

– Eg kom inn i Stardalen via nordsida av dalen, og på grunn av god høgde kom meg heilt inst i dalen, til Fonn. Deretter snudde eg og landa i Høyvik, der eg vaks opp.

Prøvd fleire gonger

Høyvik har prøvd å ta turen fleire gonger før.

– Men i går fekk eg det endeleg til. Før har ofte mykje motvind og låg høgde hindra meg. I forsøket på å fyke inn til Stardalen har eg måtta lande på Vassenden ein del gonger, ler han.

Det var særleg på eit punkt i turen i går Høyvik var redd fort at han ikkje skulle oppfylle draumen sin.

– Eg byrja å få vel låg høgde då eg flaug på nordsida av Jølstravatnet, men klarte likevel å skru meg opp igjen.

Artikkeltags