730 såg Brann slå Firdalaget

TAP: Jon-Terje Tjellaug og Firdalaget vart for lett i møte med Brann. Foto: Rune Fossum

TAP: Jon-Terje Tjellaug og Firdalaget vart for lett i møte med Brann. Foto: Rune Fossum

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Brann hadde små problem med dei lokale spelarane, og vann lett 5-1 på Eikefjord stadion.

DEL

Brann tok leiinga allereie etter seks minutts spel, og leika seg med stor fart og presisjon mot Firdalaget i første ongang.

Stillinga til pause var 4-1, etter at Øystein Vetti overlista Håkon Opdal for «heimelaget».

Kampen enda 5-1, etter at Brann senka tempoet utover i kampen.

-Vi er nøgde med dette. Det viktigaste var å ha det kjekt ute på bana, og det trur eg spelarane hadde, seier Knut Erik Folland.

Om lag 730 tilskodarar hadde betalt for å sjå stjernene frå Bergen spele mot dei lokale.



Kampfakta:

Treningskamp

FIRDALAGET - BRANN 1-5 (1-4)

Eikefjord stadion

730 tilskodarar

Mål:

0-16 min. Ardian Gashi

0-2 19 min. Robbie Winters

0-3 28 min. Joakim Sjöhage

0-4 33 min. Robbie Winters

1-4 39 min. Øystein Vetti

1-5 62 min. Ramiro Corrales

Dommar: Rolf Kåre Almenning

Gult kort: Petter Vaagan Moen, Brann

Firdalaget: Bjørge Fedje (Ole Jørgen Eide frå 46. min), Gisle Isene, Torbjørn Ylvisåker, Sigurd Hjorthol (Sander Solvik frå 46. min), Sverre Martin Langedal (Bjarte Eikevik frå 68. min), Jon-Terje Tjellaug, Tore Evensen (Preben Strypet frå 68. min), Øystein Vetti, Mathias Eikenes, Steinar Tenden (Tore Evensen frå 78. min), Lasse Orheim Pedersen (John-Felipe Holmgren frå 46. min)

Brann: Håkon Opdal, Bjørn Dahl (Cato Guntveit frå 46. min), Olafur Bjørnason, Kristjan Sigurdsson, Erlend Hanstveit (Ramiro Corrales frå 46. min), Jan Gunnar Solli, Erik Huseklepp, Ardian Gashi, Petter Vaagan Moen, Robbie Winters, Joakim Sjöhage (Ole Martin Sunnarvik frå 70. min)

Artikkeltags