Politiet heldt klokka 10.00 måndag ein pressekonferanse på Sunnfjord hotel i Førde i samband med den store dopsaka som er rulla opp av Sogn og Fjordane politidistrikt i samarbeid med 15 andre politiregionar.

Utelivsbransjen og treningssenter

Politimeister i Sogn og Fjordane Johan Brekke opna pressekonferansen. Han karakteriserte det som ei stor dopingsak med mange personar og mykje dop og pengar involvert.

63 personar mellom 17 og 40 år er pågripne. Ein del av desse er tilknytt utelivsbransjen og til treningssenter.

– Vi har ikkje vore borti organiserte treningsmiljø, seier etterforskingsleiar Gunnar Englund.

I Sogn og Fjordane er det først og fremst i Førde og Florø det er gjort beslag og pågripingar. Dei fleste av dei 22 her ifrå fylket er pågripne her.

– Vi veit miljøet er større, og at det er fleire enn dei vi har konsentrert oss om som er involverte. Vi har likevel sett ei grense på omfang, seier Englund.

Starta i Sogn og Fjordane

Saka starta i Førde, der politiet i 2007 fekk mistanke om anabole steroider, først og fremst på grunn av meir vald og aggressivt utemiljø, i tillegg til nokre av dei involverte sin kroppsstorleik. Det vart også oppdaga at fenazepam tablettar kan ha ført til at fleire vart innlagt på psykiatrisk sjukehus.

– Etter kvart såg vi at dette var større enn vi trudde, og at det dreia seg om eit stort og omfattande nasjonalt nettverk. Vi involverte til saman 16 politidistrikt, og har erfart at vi med fordel kunne vore organisert annleis, seier Brekke.

Fleire razziaer

Politiet gjennomførte fleire razziaer i denne saka. Den første kom 25. januar i fjor.

Då vart sju personar frå Sogn og Fjordane pågripne frå klokka halv tre om natta til klokka sju om morgonen. Ein av desse personane vart pågripen i Vik i Sogn, resten i Førde og Naustdal.

Det vart kverrsett pengar og anabole steroider for om lag 200 000 kroner. I tillegg vart det kverrsett kokain, datautstyr, batong og ein Glock-kopi.

Klokka åtte om morgonen vart ein mann i Odda pågripen, klokka halv ni vart fem personar pågripne i Bergen, Klokka ni vart ein person pågripen i Haugesund. Same ettermiddag blir 2 personar pågripne i Oslo, samstundes som to nye personar blir pågripne i Førde.

200 straffesaker, 55 millionar kroner

Til saman er det er snakk om over 200 straffesaker.

Det er kverrsett narkotika som har eit gateprisnivå på 55 millionar, og anabole steroider til 1-3 millionar. Det er også kverrsett 470 000 i kontantar.

– Det var snakk om eit landsomfattande nettverk, som var stort i tal personar og pengar, og som var godt organisert og utvikla for omsetning, seier Englund.

Det var delvis same bakmenn, og same metodar som vart avdekte.

– Det har vore spekulert i at oppbevaring og sal av doping gir lågare straff enn til dømes narkotika, og også at dette har lågare prioritert hos politiet. Store delar av Sør-Norge har vore involvert i saka, som har dreia seg om innføring, ompakking og sal.

Det har vore brukt vald, trugsmål og torpedoar. Det er også beslaglagt våpen, både i Førde og Bergen. Nokre kopiar, andre ekte. Det har også vore beslaglagt batongar og andre våpen.

Internett

Politiet vil ikkje gå i detalj når det gjeld etterforskinga.

– Vi ønskjer ikkje å førehandsprosedere. Men vi har avdekte at mykje av salet har føregått på Internett. Gjennom web-sider som også sel lovlege varer, først og fremst destillert vatn, sprøyter og slikt, kunne ein ved å få eige brukarnamn og passord, og deretter bestille dop. Dette blei i hovudsak sendt til mottakar som vanleg postpakke, fortel Englund.

Både han og Brekke seier dei er overraska over det store omfanget denne saka har fått.

– Vi ser at dette er eit stor samfunnsproblem. Om vårt arbeid har vore med å avgrense problemet er vanskeleg å seie, men vi håpar det vil få folk til å tenkje seg om, seier dei to politimennene.