Det seier Anne Karin Vassbotten, leiar av Steinvik Fiskefarm visningssenter i Høydalsfjorden.

Det er open dag på visningssenteret knytt til fiskefarmen. Lukta av grilla laks heng i lufta, det myldrar av menneske, ei imponerande mengd veteranbilar speglar seg i sola og ungar dreg opp fiskar som nærmast er større enn dei sjølve.

– I år er det fjerde gongen vi arrangerer open dag på visningssenteret, og for kvart år har det komme cirka hundre fleire menneske. Bygda har teke veldig godt imot arrangementet, smiler Vassbotten.

Visningssenteret vart etablert i 2011, og Anne Karin Vassbotten og mannen hennar Alex arrangerer open dag éin gong i året.

– Dette arrangerer vi fordi vi rett og slett vil syne publikum kva eit fiskeoppdrett er og kva som skjer der. I media kjem det som oftast fram negative ting om fiskeoppdrett, men med desse opne dagane prøver vi å gje næringa eit meir positivt omdømme. Her kjem vi med positiv og ærleg informasjon, fortel Anne Karin Vassbotten.

– Dessutan er det eit mål for oss at folk skal kose seg på desse dagane, og det ser vi verkeleg at dei gjer! Det tek gjerne med seg heile familien, er interesserte og veldig glade, held ho fram.

Trong hjelp til å hale inn fisken

Båttur på fjorden, eit titals veteranbilar, spørjekonkurranse, blodfersk laks og fiskekonkurranse for born. Det var noko av det ein kunne få med seg på Steinvik på laurdag. Einar Baugstø-Hartvigsen (8) er ein av dei som er med på fiskekonkurransen. Med litt strev løfter han opp ein torsk han nett har fiska, som nesten når ned til bakken når han held den opp.

– Denne veg 3,13 kilo, og det er eg som fekk den på kroken, seier Einar stolt.

Han fortel vidare at dette omtrent er den fjerde gongen han har fått fisk i sitt liv.

– Eg trong litt hjelp med å hale den opp når eg kjende kor tung den var. Eg kjenner på meg at det er eg som kjem til å vinne fiskekonkurransen! seier Einar, og pappa Lars Erik Baugstø-Hartvigsen byrjar å le.

Pengar til gatelys i bygda

Den grilla laksen frå fjorden berre meter unna vart populær på laurdag.

– Bygda har hjelpt til på den opne dagen år etter år, og det er vi utruleg glade for. Dei hjelper mellom anna til å selje maten, det har ikkje vi på fiskefarmen kapasitet til. Vi står for laksen, også går inntektene av maten attende til bygda, til bygging av gatelys, fortel Anne Karin Vassbotten.

Også veteranbilane vart populære under arrangementet. Ein av dei mange som betrakta dei skinnande blanke doningane, var Eivind Horstad (18) frå Naustdal.

– Eg er på arrangementet aller mest for bilane sin skuld, dei synest eg er veldig spesielle. Den eldste bilen her er over 100 år gammal, det er jo heilt utruleg, seier han, og ser imponert på bilen, som er av merket Maxwell.

Den er det Alex Vassbotten som eig. Den og kring 40 andre.

– Veteranbilar er ein interesse eg har hatt sidan ungdomstida, og eg kjøpte den første bilen for 25 år sida. Ved å sjå på veteranbilar i ulik alder får ein eit inntrykk av kor mykje teknikken, designa og forma på bilane har endra seg dei siste tiåra. Det er veldig fascinerande, seier han, som er veldig nøgd med at det er så mange til stades på den opne dagen.