Gå til sidens hovedinnhold

5-åring biten av hjort

Artikkelen er over 9 år gammel

– Han var livredd med det same. Men no går det bra, seier mora Eli Magnussen.

5-åringen var ute i skogkanten ved Fimlandsmarka der dei bur, og leika saman med to venner då dei plutseleg såg to hjortar like ved.

– Dei to andre sprang. Men guten min var nysgjerrig, og lot hjortane komme nær. Så nær at han hadde fått med seg at det var mykje flått på hjorten, seier Magnussen.

Beit i handa

– Den største av hjortane beit sonen min i handa. Då vart han livredd, og kom hylande heim. Eg såg på bitet, og det første eg tenkte på var ormebit. Det var to røde prikkar, men det hadde ikkje gått hol, seier Magnussen.

Men forklaringa frå dei to andre ungane, som er eit par år eldre, gjorde det klart at guten var biten av hjort.

Ho seier det ser ut som hjorten har gitt ein åtvaring. Den har ikkje bite hardt, og den har ikkje gått til angrep, seier ho.

Varsla

Eli Magnussen ringde legevakta, men sidan det ikkje var bite gjennom huda og guten har følgt vanleg vaksineprogram, så var det ikkje naudsynt med ekstra stivkrampesprøyte.

– Men eg fekk beskjed om å følgje med, og vere på vakt dersom han får feber, seier Magnussen.

Ho varsla også politiet.

– Eg las på firda. nett for nokre dagar sidan at det skulle skytast hjort i Florø, og sidan eg ikkje visste kven på kommunen som har ansvaret ringde eg politiet, slik at dei kunne varsle vidare. Ei lita stund etter såg eg at det var folk og såg etter hjortane, men hjortane har sikkert også blitt skremde, og var borte vekk, seier Magnussen.

Går bra no

Ho seier det går heilt fint med sonen no.

– Han var veldig redd og ville ikkje fortelje så mykje med det same. Men etter at han fekk roa seg, så fortalde han i detaljar. Han har nok vore veldig nær hjorten, seier Magnussen.

Men skrekken sat ikkje lenge i. Guten har allereie vore oppe ved skogen igjen, og har vore ute og leika etter hendinga.

Magnussen fortel at det er svært mykje hjort i området, og at det ofte står ein hjort og ser på dei når dei opnar døra om morgonen.

– Det er fine dyr, men når slikt som det som skjedde i dag skjer, så er det ikkje så moro, seier Magnussen.

Politiet åtvarar

Operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt åtvarar folk mot å gå for nær hjorten.

– Den kan vere farleg om den går til angrep. Særleg bør ungar halde avstand, seier Rimmen, som samstundes er glad for at hendinga i dag enda godt.