400 arbeidsplassar utsett

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Forsvinn oppdrettarane frå Førdefjorden, kan 400 arbeidsplassar i området bli vekke.

DEL

I rapporten «Ringvirkningsanalyse av oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane», utgitt av Høgskulen i Sogn og Fjordane 30. juni i år, kjem det fram at 422 personar i 2012 var sysselsett i matfiskproduksjonen i Sogn og Fjordane. Totalt var 1082 personar sysselsett i næringar direkte relatert til oppdrettsbransjen.

«Det har også en viss sysselsettingsvirkning at ansatte i havbruksnæringen bruker lønna på innkjøp og investeringer lokalt. Vi har ikke forsøkt å estimere den totale vikningen av dette. Vi vil likevelvåge oss frampå med en tommelfingerregel: Den totale sysselsettingen i Sogn og Fjordane somskyldes oppdrettsnæringen er lik antall sysselsatte i matfiskproduksjonen multiplisert med fire.», heiter det i forskingsrapporten.

23 av 100 konsesjonar

23 av dei hundre konsesjonane i fylket ligg i Førdefjorden og tilstøytande områder. Reknar ein med at ein fjerdedel av arbeidsplassane i oppdrettsnæringa er knytt til aktiviteten i Førdefjorden, og nyttar rapporten sin tommelfingerregel, betyr det at oppdrettsnæringa står for minst 400 arbeidsplassar i området.

Artikkeltags