40.000 i bonus til kvar tilsett

Leif Arne Åsen trur næringa og høgskulen kan få ei utdanning opp og gå, sjølv om finansieringa vil bli ei utfordring.

Leif Arne Åsen trur næringa og høgskulen kan få ei utdanning opp og gå, sjølv om finansieringa vil bli ei utfordring. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

- Vi har vore litt heldige og veldig dyktige.

DEL

-Vi hadde eit kjempegodt år i fjor, det er ingen tvil om det, seier Leif Arne Åsen.

Konsernet Åsen & Øvrelid AS hadde i 2012 ei omsetjing på 274 millionar kroner, av dette sat dei att med 39,7 millionar etter skatt. Det er meir enn ei dobling av resultatet for 2011, som var på 19 millionar.

Store variasjonar

– Det som er å seie, er at i vår bransje kan dette variere ganske mykje. Vi prøver å unngå å gjere så store grep som mogleg rundt nyttår, så det ikkje blir så store variasjonar frå år til år. Vi ser gjerne resultata i treårs samanheng. Året i år har ikkje starta med like høg aktivitet som i fjor, men ser ein dei siste tre åra i snitt, så hamnar vi på eit resultat på rundt 7–8 % av omsetjinga, og det må ein seie er svært bra, seier Åsen.

Flaks og flinke folk

Han ser fleire årsaker til at det gjekk så godt i fjor: – Det skuldast litt at vi har vore heldige, og veldig mykje at det er veldig flinke folk som styrer prosjekta, og som gjer at vi har ein god og effektiv organisasjon, seier Åsen. Overskotet skuldast ikkje at dei tek seg for godt betalt for oppdrag, meiner han:

Konkurransedyktige

– I dei prosjekta som vi held på med, så har vi stort sett konkurrert i anbodskonkurransar og vore konkurransedyktige på pris. Så det er ikkje det at vi har for høge prisar, det er rett og slett at vi har vore flinke til å finne gode og effektive løysingar. Vi har bra struktur på det vi driv med, og flinke leiarar.

Ei årsak til at Åsen & Øvrelid driv så effektivt, er bonussystemet, meiner Åsen:

Resultatstyrt bonus

– Vi deler ut ein resultatstyrt bonus til alle tilsette. I fjor delte vi ut over tre millionar kroner i personlege bonusar. Alle tilsette fekk sin del, og i gjennomsnitt var bonusen på 22 kroner og åtti øre timen. Alt i alt nærmar det seg 40.000 kroner per tilsett, seier Åsen.

Åsen & Øvrelid var mellom dei første som starta med resultatbaserte bonusar, og Åsen trur bonusordninga er ei av årsakene til at selskapet lukkast så godt:

– Eg trur det gjer at dei tilsette heile tida held fokus på å utnytte tida godt og finne gode løysingar for ikkje å tulle vekk tid med vekkasta rundsnuar.

Artikkeltags