Kortbukse og shorts var det beste antrekket når Vassendgutane spelte i Parken i Gaupne i går. Og arrangørane lurer på om det er nettopp varmen som trakk så mange publikummarar.

Arrangørane fortel at publikumstalet pleier å liggje på rundt 1000, men at det i fjor var 1200 som møtte opp. Med ei auke på 400 i år, er arrangørane godt nøgde.

Også politiet var nøgde. Dei kunne fortelje til firda.no at det hadde vore ein roleg kveld i Parken.


Sjå bileta her!