16 fekk bot

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

UP har hatt fartskontroll på Rv 15 aust for Eid. Dei stod i ei 50-sone, og skreiv ut heile 16 forenkla førlegg.

Høgste fart vart målt til 75 kilometer i timen. To bilførarar vart målte i denne farten. Hadde dei køyrt ein kilometer i timen fortare hadde dei mista førarkortet.

Grensa for å miste lappen er 76 kilometer i timen i ei 50-sone.

Artikkeltags