1500 krev FSF-flagget tilbake

Mobilisering for det tradisjonsrike FSF-flagget på Hella ferjekai 27. november. Arkivfoto

Mobilisering for det tradisjonsrike FSF-flagget på Hella ferjekai 27. november. Arkivfoto Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

På tre veker har Facebook-gruppa «Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake!» passert 1500 medlemmer.

DEL

Det fortel Hermund Kleppa og Henning Rivedal i aksjonsgruppa for å få flagget tilbake i mastene på ferjer og hurtigbåtar.

- Har utløyst ein folkestorm

Historikar Johs B. Thue tok kraftig til motmæle då styreleiar Jarle Skartun i Fjord1 sa at det stolte og tradisjonsrike flagget var heist for siste gong. Seinare har han gjenteke det gong på gong.

– Det Skartun sikkert ikkje visste, eller gambla med, var at avgjerda skulle utløyse ein folkestorm, uttalar aksjonistane.

- Tusenvis engasjerer seg

- Folk i Sogn og Fjordane og andre stader i landet og ute i verda vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake! Ikkje berre nokre få, nei, tusenvis, seier Kleppa og viser til breitt og stort engasjement.

T-skjorter går unna

Fleire hundre menneske har sett namnet sitt på underskriftslister. Eit opplag på 200 T-skjorter med Fylkesbaatane-flagget på brystet blei rive bort, og ny forsyning er tinga. Folk kjøper og sender det spesiallaga postkortet "Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake!"

Saman med konsernflagget

Talsmennene meiner at Firda-redaktørens forslag, presentert på leiarplass i avisa 17. november, er godt: ”Når dei (folk) så klart og tydeleg signaliserer at dei vil ha tilbake det gamle reiarlagsflagget, kan vi rett og slett ikkje forstå at det kan vera noko problem for Fjord1 å heise flagget igjen, saman med konsernflagget.”

Artikkeltags