15 elevar og ein lærar sat faste i fjellet

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Politiet fekk tysdag ettermiddag melding om at ein skuleklasse med 15 elevar frå ein folkehøgskule sit fast i ein dal sørvest for Lodalskåpa.

Mellom klokka 04:00 og 04:30 i natt hadde luftambulansen henta alle trygt ned att frå fjellet, melder Sogn og Fjordane politidistrikt på loggen sin.

Vanskeleg å orientere seg

– Det var 15 elevar og ein lærar med i følget. Dei fekk problem med tåke som gjorde det vanskeleg for dei å orientere seg, og melde frå om dette, sa operasjonsleiar Kjetil Drange ved Sogn og Fjordane politidistrikt til Firda tysdag.

Lodalskåpa ligg på grensa mellom Stryn og Luster og er 2083 meter på det høgste. Skuleklassen var på veg ned frå toppen, og sat fast i ein dal under sjølve fjellet.

Helikopter måtte snu

– Ei alpin redningsgruppe var på veg opp til skuleelevane. Eit helikopter var på veg for å hente dei, men måtte snu på grunn av tåke og dårleg sikt.

Ingen i turfølget skal vere skadde, og dei var godt utstyrte for fjelltur.

Artikkeltags