145 færre utan arbeid – lågast arbeidsløyse i landet

Næringsgruppa bygg og anlegg hadde størst tilbakegang på registrerte stillingar, med 57 prosent. Likevel har fylket lågast arbeidsløyse i landet. Illustrasjonsfoto

Næringsgruppa bygg og anlegg hadde størst tilbakegang på registrerte stillingar, med 57 prosent. Likevel har fylket lågast arbeidsløyse i landet. Illustrasjonsfoto Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Arbeidsmarknaden i fylket er inne i ei svært positiv utvikling. Ledigheita har gått markant ned i industrien, talet på permitterte er halvert samanlikna med i fjor og kystkommunane våre har gledeleg nedgang i arbeidsløysa.

– Dette er eit veldig godt utgangspunkt for hausten, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes i ei pressemelding.

895 personar står heilt utan arbeid i fylket ved utgangen av september, tilsvarande 1,6 prosent av arbeidsstyrken.

Det er 145 færre enn på same tid i fjor, ein reduksjon på 14 prosent. Med dette er arbeidsløysa det lågaste fylket har hatt på to år. Landet har no ei ledigheit på 2,7 prosent, ein auke på 7 prosent.

NAV opplyser at dei andre vestlandsfylka har auke, og at Sogn og Fjordan dermed er i særstilling som det fylket i landet med lågast arbeidsløyse.

Færre langtidsledige

Av dei 895 heilt ledige har 358 søkt arbeid i over eit halvt år. Talet på langtidsledige har auka dei siste åra, men NAV har no fått ein sterk nedgang frå september i fjor.

– Dette skuldast mellom anna målretta bruk av tiltak for å hjelpe dei attende til arbeid. Slik skal vi ta med at auka bruk av arbeidsmarknadstiltak forklarar noko av nedgangen frå i fjor, seier Thorsnes.

16 kommunar med nedgang

Totalt hadde 16 kommunar nedgang i arbeidsløysa i september. Det er spesielt kystkommunane som skil seg ut positivt. Størst reduksjon har Vågsøy med 56 færre arbeidsledige enn på same tid i fjor, ein prosentvis nedgang på 46 prosent.

Leikanger og Gulen har den lågaste arbeidsløysa i fylket, begge med 0,7 prosent. Også Gloppen, Gaular, Fjaler og Solund har under éin prosent av arbeidsstyrken utan jobb. På den andre sida av skalaen er Bremanger, med 2,7 prosent. Deretter kjem Stryn og Vågsøy, begge med 2,4 prosent.

– Dette betyr at alle kommunane i fylket ligg på eller under landssnittet, dette har neppe skjedd før, seier ein oppglødd fylkesdirektør.

Færre ledige i industrien og færre permitterte

Industrien er næringsgruppa som har sterkast nedgang, her er det no 60 færre enn i fjor. Også reiseliv og transport kan vise til nedgang, og den negative utviklinga innafor bygg og anlegg ser ut til å ha snudd.

Færre ledige stillingar

Tilgangen på stillingar har gått noko tilbake.

I alt blei 352 stillingar registrert i september. Det er ein tilbakegang på 24 prosent.

Næringsgruppa bygg og anlegg hadde størst tilbakegang på registrerte stillingar, med 57 prosent. Industrien hadde 54 prosent nedgang, etterfølgd av reiseliv og transport, med 52 prosent. Det går fram av ei pressemelding frå NAV.

Artikkeltags