Ei 13 år gammal jente som vart meldt sakna av foreldra klokka 17.30, vart funnen i god behald av ein skuterpatrulje frå Førde Røde Kors Hjelpekorps klokka 18.59.

Jenta var på veg frå Gjøsetstølen og tilbake til Langeland skisenter, då redningsmannskapet møtte henne ved "Damefallet" cirka fire kilometer frå skihytta, opplyser politiet.

Vart skilt frå familien

Den sakna skiløparen gjekk på tur saman med familien sin frå Langeland kring klokka 16 søndag ettermiddag.

Dei skilde lag, og då foreldra ikkje fekk kontakt med henne, melde dei henne sakna klokka 17.30, opplyser operasjonsleiar i Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Sende ut skuterpatrulje

Mannskap frå Røde Kors starta søk med skuter for å køyre gjennom løypenettet på Langeland.

Ville utnytte dagslyset

Politiet opplyser at leiteaksjonen vart sett i gang i samråd med Hovudredningssentralen for Sør Norge, ein og ein halv time etter at foreldra hadde sett henne.

Dette vart gjort for å utnytte dagslyset.