129 mista livet under arbeid på sjøen

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

I løpet av dei ti siste åra har 129 personar mista livet under arbeid på sjøen. Kvar einaste dag skjer det i snitt to uhell. Dette er altfor mange, meiner sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Åtte dødsfall i år

Så langt i 2014 har det vore åtte dødsulykker på norske skip, noko som er like mykje som i heile fjor. Dette skriv Bergens Tidende.

– Vi vil gjere det vi kan for å gi sjøfolk ein trygg arbeidsplass, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen til avisa.

Dei høge ulykkestala er bakgrunnen for at Sjøfartsdirektoratet har bestemt at «Sikker arbeidsplass om bord» skal vere eit særleg fokusområde neste år.

Færre dødsulykker, fleire ulykker

I tiårsperioden 2004- 2013 har talet på dødsulykker gått ned. Men det samla talet på skipsulykker med og utan personskade har gått opp. I 2013 var 499 norskregistrerte fartøy involvert i ulykker.

Artikkeltags