120 utan mobilsignal i årevis

Skal naboane Anne Hopland og Arve Arstein snakke med kvarandre, må dei rope. Telefonen kan dei gløyme

Skal naboane Anne Hopland og Arve Arstein snakke med kvarandre, må dei rope. Telefonen kan dei gløyme Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

På Lone og Tysse i Fjaler har 120 innbyggararar mangla mobildekninga i årevis.

DEL

– Eg har så vidt dekning ein stad midt mellom huset og fjøsen. Og dersom eg sit inst i sofaen i ei spesiell stilling, då får eg éin strek, seier Anders Hopland.

Dei 120 innbyggarane på Lone og utover mot Tysse i Fjaler har i mange år slite med elendig mobildekning. No fryktar dei at dei blir stijande telefonlause når Telenor legg ned fastnettet i 2017.

Lova betring innan 2013

– Telenor og kommunen var her på ei synfaring i 2012, og då vart vi lova ei mobilmast her innan eitt år. Så vart det 2013, og masta kom ikkje. No seier Telenor plutseleg at dei må legge nye planar, for dei vil ikkje setje opp nye mobilmaster utan at dei gjev 3G-dekning og er klargjort for 4G, seier Arve Arstein.

Han har glimtvis dekning inne i huset, men får han ein viktig telefon må han springe opp på ein bakketopp utanfor huset, om samtalen skal unngå å verte broten.

– Men å sende fancy bilde og datadill er uinteressant. Det vi treng er ein telefon vi kan snakke i, seier Anne Hopland.

Fjaler-ordførar Arve Helle har dårleg samvit for denne saka, men han kan ikkje love betring i tilstandane.

- Kommunestyret godkjende nettopp ein intensjonsavtale med Telenor om å bygge ut dekninga der. Neste steg er å få kartlagt kostnadane med dette, av dei må kommunen dekke ein del, så må vi finne ut kva vi kan få av statleg finansiering, og 7. april får kommunestyret bestemme seg for om vi går for dette eller ikkje.

- «Eller ikkje» er jo eit ganske dramatisk alternativ for dei 120 det gjeld?

- Ja, det er det. Men eg kan ikkje forskottere at kommunestyret løyver pengar til dette prosjektet.

- Betyr det at det kan tenkast ein situasjon der kommunestyret let dei 120 innbyggarane i stikken utan telefondekning?

- Vi må jo finne pengane ein stad. Det håper eg vi får til, men pengane må altså løyvast, og då må vi vite kva sum vi snakkar om. Så kan det no leggjast til at eg er særdeles einig i at ting har tatt for lang tid.

Står om livet

Den dårlege dekninga gjer det faktisk problematisk for Anne Hopland og mannen Anders å tene sitt daglege brød:

– Står du med ei ku med mjølkefeber, står det om livet, og vi har maks ein time på å få veterinær på plass. Då fer vi att og fram mellom fjøs, tun og bustadhuset mens vi prøver å gi førstehjelp til kua og springe ut for å rapportere til veterinær på ei mobilline som kuttar heile tida, seier Anne Hopland.

- Det er mykje banning og frustrasjon når ein ser dyra sine svinne hen og ein samstundes må stresse med noko så enkelt og fundamentalt som kontakt med omverda i ei krisesituasjon. Ein skulle tru vi budde i eit U-land – reint bortsett frå at U-land har gjerne betre mobildekning enn oss.

Dårleg samvit

- På mine ti år som ordførar er det kanskje ikkje den saka eg har best samvit for. Det har vore for mykje «rykk tilbake til start», seier Arve Helle.

For det første har Telenor no som krav at det skal byggjast ut med 3G og moglegheit til 4G. Det betyr ny avtale mellom kommunen og Telenor sidan den frå før inngåtte avtalen var basert på ei anna løysing.

--I tillegg blir eksterne midlar no tildelt av post- og teletilsynet, og ikkje lenger fylkeskommunen. Endå ei endring, seier Helle.

Han innrømmer villig at dette kunne ha vore betre handtert:

- Eg kunne nok ha gjort ein betre jobb, Telenor kunne ha gjort ein betre jobb, i sum blir innbyggarane skadelidande, og det må vi berre prøve å rette opp i. Men eg ser at vi kan ha ei økonomisk utfordring her, og det uroar meg litt.

– Kva har vi gjort feil?

Arve Arstein synest det er rart at småbygdene i Fjaler kjem så dårleg ut: – Kva er det vi har gjort feil her i Fjaler? Her har vi gått i årevis nesten utan dekning, men kjem du inn i Stardalen i Jølster, så er det så mange strekar at eg får ikkje plass til dei på mobilen! Og der bur det 120 menneske, akkurat som her.

Den gode dekninga i Stardalen har nok mest med nærleiken til E39, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.

– Områda langs E39 har hatt særskilt prioritet hjå Telenor, og det har bygdene ytst i Stardalen hatt fordel av, seier han.

Artikkeltags