Gå til sidens hovedinnhold

120 geiter omkom i brann

Artikkelen er over 9 år gammel

Fjøsbrann med tragisk utfall i Guddal søndag kveld.

120 geiter brann inne i ein fjøs i bygda Guddal i Fjaler kommune søndag kveld. Kring 20 geiter vart redda ut.

– I driftsbyggningen var det ei ein større geitebestand, og ein fryktar at rundt 120 geiter har omkomme i brannen, får Firda opplyst av operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ingen personar skal ha komme til skade i brannen, som vart meldt rett før klokka halv sju søndag kveld.

Ved 20.30-tida dreiv brannvesenet framleis ettersløkking på staden, men fjøsen let seg ikkje redde og vart totalskadd i brannen i Guddal.

Etter det Firda forstår vil politiet etterforske saka. Dei hadde søndag kveld ingen teori om korleis brannen starta.