119.000 laks rømte under brannen

Ei merd ved Firda Sjøfarmer i Gulen er skadd av brann, og 119 000 laks er på rømmen.

Ei merd ved Firda Sjøfarmer i Gulen er skadd av brann, og 119 000 laks er på rømmen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Store mengder oppdrettslaks rømde etter ein brann ved Firda Sjøfarmer sitt oppdrettsanlegg i Gulen onsdag.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Onsdag morgon oppdaga mannskap frå Firda Sjøfarmer AS brann på eit anlegg i Skorpa i Gulen i Sogn og Fjordane. Delar av ein oppdrettsring vart øydelagd av varme, og ei stor mengd laks rømde frå merden.

Oppteljing viser no at det har rømt 119.000 laks med ei snittvekt på 490 gram. Fisken vert rekna som tapt. Det stod opphavleg 190.000 fisk i merden, og resten av fisken er no flytta over i ei ny merd, melder Firda Sjøfarmer i ei pressemelding.

Gjenfangst

Det vert no jobba for å fange inn at den rømde fisken. Firda Sjøfarmer har med fire fiskebåtar i full sving og det er sett ut 2,5 km med garn i håp om å få tatt opp mest mogleg av den rømde fisken.

Les også: Har lagt ut to kilometer garn etter at oppdrettsanlegg tok fyr

Skal finne årsaka

– Dette er ein sterkt beklageleg situasjon. Vi arbeider kvar dag heile året for å sikre oss mot rømming. Branntilløp som dette er noko verken vi eller andre oppdrettsselskap har opplevd før, så her er det viktig å finne ut kva som har skjedd, seier administrerande direktør Carl-Erik Arnesen i Firda Sjøfarmer AS i pressemeldinga.

Les også: Full fyr ved opprettsanlegg

I samarbeid med Fiskeridirektoratet og politiet har selskapet sett inn ressursar for å finne årsaka til brannen.

Artikkeltags